Etter nesten 14 år i 4H vil me takka Synnøve for alt ho har gjort for 4H gjennom åra. Synnøve starta som dagleg leiar i 4H Rogaland, og har deretter hatt forskjellege rollar. Dei siste åra har ho vore regionleiar for alle 4H fylka i vest, med kontor i Stavanger. 

Synnøve har vore ein klar leiar for oss tilsette, lagt til rette for eit veldig bra samarbeid mellom tilsette og tillitsvalte i Vest og har alltid ein god latter på lur. Mange frivillege kjenner ho som ein stødig person, med mykje kunnskap. 

Tusen takk Synnøve for den innsatsen du har lagt inn i 4H i alle desse åra.