-Endeleg ei god nyheit! Korona-situasjonen har ført til mange avlyste arrangement og få moglegheiter til å treffe 4H-vener denne våren. Med prosjektstønad frå Fylkesrådmannen kan vi nå starte opp eit heilt nytt prosjekt til hausten, fortel styreleiar Mari Aksdal Hermansen.
I løpet av hausten og vinteren vil vi invitere barn og ungdom på Storhaug til opne arrangement. Aktivitetane og gjennomføringa av arrangementa skal vise kva 4H er og står for. Engasjerte 4H-arar vil syte for at deltakarane får oppleve 4H-aktivitetar som til dømes mat på bål, gardsbesøk, volleyballturnering, matlaging og mykje meir. Alle aktivitetane skal vere gratis.
4H trur på samarbeid, og søker no etter organisasjonar og engasjerte frivillige som har lyst til å bli med på prosjektet Haugen 4H. Prosjektet har oppstart i august og varer eit kalenderår.
Ta gjerne kontakt på rogaland@4h.no