På regionsamling så samlast klubbstyrene i ei nemnd for å dela erfaring, ha det kjekt saman og for å møta nokon frå fylkesstyret. Her har ein moglegheit til å snakka med fylkesstyret om for eksempel ein har idear til arrangement eller ta opp ting ein er misfornøgd med. 

Klubbrådgjevarar er òg velkomne, dei har eit eige lite opplegg. 

I år er temaet Inkludering

Me snakkar om kva inkludering er, har inkluderingsquiz med premie og me lager mat saman. I tillegg blir det informasjon frå fylkesstyret/kontoret. 

Det er gratis å delta. 

Pakkeliste
Gode klede etter veret
Drikkeflaske med vatn
Tallerken og bestikk om du har 
Hovudlykt om du har

Kven får de besøk av? 
27.august: Vindafjord og Tysvær nemnd: Sindre og Hege 

27.august: Klepp og Time nemnd: Anna og Anne-Berit 

28. august: Hå nemnd (på aktivitetsdag på Jærmuseet): Viktoria, Tamara og Hege

29.august:  Sandnes og Sola nemnd: Bertine/Tiril og Tamara 

3.september: Suldal: Tiril/Bertine og Anne-Berit 

5.september: Stavanger og Randberg: Peder og Tamara 

10.september: Indre Sør nemnd: Randi og Anne-Berit 

12.september: Hjelmeland & Strand nemnd: Peder og Hege 

Påmelding 
Det er viktig at ein melder seg på gjennom medlemsregisteret då me treng oversikt over pårørandeinfo og allergiar. 

Trykk på link til ditt område ovanfor for å melda deg på. 

Me gler oss til å treffa dykk! 
- Fylkesstyret