Alle klubbar vil få pakke i posten med frøposar og informasjon om aktiviteten. Målet med aktiviteten er å så 1000 meter blomstereng i Hordaland og 1000 meter blomstereng i Rogaland. Når skogen gror igjen og vi bygger ut med hus og veier så forsvinn store leveområder for bier og andre pollinerande innsekter. Dette kan du være med å gjera noko med.

20 mai går startskotet og då kan klubbane dele ut frøposar til medlemmer og familie. Vi oppfordrar alle klubbar til å laga ein felles aktivitet rundt såing av frø og ta bilete som kan delast på sosiale medier.

Det blir sjølvsagt ein premie til kvart fylke når dei når 1000 meter med blomstereng.
Her på nettsida vil grafen bli oppdatert ofte slik at alle kan sjå kven som er først i mål.

 

graf

Fakta om bier:

* Bier lever i familier og kan på sommeren bli 80 000 stykker i ein bikube.
* Bier sover aldri
* Ei arbeiderbie kan bestøve 3 000 blomar på ein dag.
* Livsverket til ei bie er 1 gram honning.
* Nesten 90% av planteartane i Europa er avhengig av insektsbestøving.
* Ein tredjedel av all mat som vert produsert i verda er avhengig av pollinering.