På sjølvaste Frivillighetens dag den 5. desember deler 4H ut sin eigen Frivillighetspris. Og dei nominerte frå Rogaland er...
Kristin pakker telt etter leir. Foto: privat.
Kristin Søyland
Kristin har vore klubbrådgjevar i Svala 4H i mange år, samt har dei siste åra vore hovudleiar for 4H Rogaland på Landsleir og ordførar i årsmøtet. Til Frivillighetsprisen er ho nominert to gonger!
Ho er ein engasjert klubbrådgjever som har ei eiga evne til å sjå alle 4H-arane. Ho ynskjer flest mogleg lengst mogleg og er flink til å få mange med seg. Ho er godt likt blant ungane/ungdommane og er god til inkludera alle, både ungar, andre klubbrådgjevarar og foreldre.
Kristin stiller opp på leir og kurs og held Svala 4H saman.
Siv Renate Mjåtveit. Foto: privat
Siv Renate Mjåtveit
Siv Renate er Klubbrådgjevar i Vigre 4H, men melder seg i tillegg som vaksenleiar for Rogaland på Landsleir.
Stiller opp for Vigre 4H sine ungar på møter og leir.
Berit Øverland. Foto: Privat
Berit Øverland
Berit har vore svært aktiv i 4H mange år. Først som klubbrådgjevar B i Utstein 4H frå 2014-2016. Så klubbrådgjevar A i same klubb fra 2016-2021. No er Berit blitt pensjonist og har barnebarn i nabobygda Randaberg. Ho har gitt seg som klubbrådgjevar i Utstein, men starta våren 2022 og like etter korona-pandemien opp Randaberg 4H!
Som klubbrådgjevar har Berit blant anna vore med å arrangere styrevervkurs 2 år på rad. Utstein 4H er den einaste klubben på mange år som har arrangert styrevervkurs aleine, fordi det oftast er nemndene arrangerer saman. Utstein har derimot ikkje hatt klubbar nær nok til å danne en nemnd, så dei har arrangert på eiga hand, med Berit i spissen.
Monica saman med deltakarar på 4H-leir. Foto: privat.
Monica Wold Reisersen
Monica Wold Reiersen er klubbrådgjevar i Firkløveren 4H og ein engasjert 4H-ar.
Utan Monica hadde vi som klubb vært nede for telling på grunn av generasjonsskifte hos dei vaksne for to år sidan. Ho fekk alt i fanget og gjer meir enn ein kan forvente; Ordner, styrer, organiserer, hentar og bringer. Å er med på ALT. Tar alt med 4H-prosjekta, inkluderer både unger og vaksne og styrer oss andre på ein fantastisk måte.