
Veit du om ein klubb som fortener å bli årets klubb?
Har klubben gjort noko utanom det vanlige for sine medlemmer, nærmiljøet eller 4H? Arbeidar klubben målretta med 4H sine kjerneverdier? Fekk klubben merksemd i media?
Årets klubb blir premiert med VIP-kort på fylkesarrangement, der alle klubbens medlemmar kan gå først i matkøen. I tillegg får dei eit gåvekort på 1500 kr på Bondekompaniet der ein kan kjøpa mykje kjekt utstyr til klubben sin. Utdelinga skjer under Styrevervskurs i februar.
Syns du at klubben din eller ein annan 4H klubb i Rogaland fortener å blir kåra som Årets klubb? Fortell oss kvifor og nominer klubben før 1. desember via lenke til høgre eller på mail til rogaland@4h.no.