Å legga ut aktiviteten i klubben på ungfritid.no, gjer at ein når ut til mange barn og unge som kanskje ikkje kjenner til 4H eller veit at det er på plassen der dei bur. Bli med på skulestartkampanjen til ungfritid og bli meir synlege.

Alle klubbar i 4H Rogaland har ein ungfritid.no brukar som blei oppretta i 2022. Det vil sei at det var klubbrådgjevar A på den tida som har innloggingsinformasjon. Har du lyst å legga ut ein aktivitet for din klubb, men kjem ikkje inn? Send ein mail til hege.reime@4h.no. 

Klubben har ei klubbside med generell informasjon om klubben som allereie er utfylt. Då er neste steg berre å oppretta aktivitet og halda den oppdatert. 

screenshot av ungfritid.no med pil mot knappen "ny aktivitet"

- Når ein er inne på si klubbsida trykker ein Ny aktivitet. Der kan ein setja sluttdato på slik at den forsvinn automatisk når aktiviteten er gjennomført.

Om ein skal ha opent rekrutteringsmøte eller bare vanleg klubbaktivitet? Legg den ut og bli meir synleg, få med fleire og inkluder nye – vis fram aktivitetane på Ungfritid.no!