I fjor var blandt anna Kristin Lindal, Live Skretting, Viktoria Skrudland og Madeleine Bjerkås Lunde på instruktørkurs for å læra å halda kurs for andre 4Harar. Dei fordjupa seg alle i styreverv, men ein har òg mogleheit til å fordjupa seg i friluftsliv. Når ein er ferdig med opplæringa kan ein halde styrevervskurs eller friluftslivkurs. 

Madeleine syntast at både det å læra om det å vera kurshaldar og det å halda kurset er kunnskap ho kjem til å få bruk for seinare i livet òg. 

"Ein av dei kjekkaste tinga var å bli så godt kjent med dei andre på instruktørkurset. Opplevinga i seg sjølv gjorde òg at det var verdt det, å reisa til Oslo åleine, å læra opp dei komande styremedlemmane, å planlegga kurset, heile opplegget rett og slett. Eg gjekk ut av min eigen komfortsone og fekk mykje godt utav det", seier Madeleine. 

Ungdommer på instruktørsamling held rundt kvarandre og poserer til bilde. 
Gjengen på instruktørsamling

Både Kristin, Live og Viktoria er enig i dette, at ein møter mange nye mennesker og lærer heilt vilt mykje. Det er òg veldig spanande å ha ansvar for styrevervskurs, å læra vekk det ein sjølv har lært. 

Og så er det sjølvsagt ikkje feil å få lov til å bu gratis på hotell, med hotellfrukost og hotellunsj, og så mykje gratis softis ein vil! 

Ungdommer på instruktørsamling holder opp tallerkar med kake
Kristin og ​​​​​Madeleine

 

Instruktørkurset består av tre deler. To nasjonale helgesamlingar og ei praksishelg i eige fylke. Etter endt opplæring, er du godkjent instruktør i 4H Norge, og kan få oppdrag som kurshaldar i heile landet. 

Del 1 er 10. - 12. november 2023

Del 2 er praksis i eige fylke 

Del 3 er 8. - 10. mars 2024

Høyrast dette kjekt ut? 
Fyll inn interesseskjema, så tek me kontakt med deg om du får plass og hjelper deg med påmelding.