Korleis kan du finne prosjekt utan sluttdato?

1) Logg deg på prosjektplattformen. Sjekk prosjektstatus i prosjektoversikta (du må logge inn): prosjekt med status "planlegging", "under arbeid" eller "levert" er fortsatt aktiv og har ingen sluttdato. Prosjekter med status "godkjent" eller "ikke godkjent" er avslutta og har sluttdato i medlemsregisteret.

skjermbilde

Kva skal du gjere med prosjekta utan sluttdato?

1) Prosjektet er gjennomført og skal godkjennast eller ikkje godkjennast

  • Har prosjekter status "Levert", kan klubbrådgjevar med ansvar for prosjektet opne prosjektet ved å klikke på tittelen og gje ei sluttvurdering. Hugs at du må setje oppmøtestatus for alle medlemar i prosjektet før du kan gje sluttvurdering.
  • Har prosjektet status "Under planlegging", må prosjektplanen først leverast og godkjennast, og deretter må prosjektet leverast til godkjenning.
  • Har prosjektet status Under arbeid, må prosjektet først leverast til godkjenning før du kan setje sluttvurdering. Anten kan medlemmet sjølv kan levere prosjektet, eller så kan klubbrådgjevaren med ansvar for prosjektet gjere det i fana "REDIGER PROSJEKT". Då får klubbrådgiveren tilgang som medlem.

2) Prosjektet er ikkje gjennomført, og skal slettast

  • Det er kun 4H-tilsette som kan slette eit prosjekt. Noter medlemsnummer og namn på medlemmer med eit prosjekt som skal slettast og send lista til 4H-kontoret i fylket ditt.
Bruk "Oppmøtestatus" for å gje ulike vurderingar i felles- eller gruppeprosjekt

Er det medlemmer som har bidratt for lite til å få eit gruppe- eller fellesprosjekt godkjent, kan du setje "Oppmøtestatus" til "ikke OK". Då blir prosjektet ikkje godkjent for dei dette gjeld.