Firkløveren 4H får 1500 kr i gåvekort frå Bondekompaniet og VIP pass på alle fylket sine arrangementer i 2026. Det vil sei at dei kan gå først i mat- og kioskkø. 

Fylkesstyret si begrunning

"Firkløveren 4H frå Gjesdal er kåra til Årets 4H-klubb etter eit aktivt og innhaldsrikt år.

Hovudgrunnen til at dei vann, er arbeidet dei har lagt ned for å utvikle klubben. Eit viktig tiltak har vore opprettinga av ei eiga kløvergruppe i Dirdal. Denne gruppa fungerer som ei undergruppe av hovudklubben, og gjer barn i Dirdal moglegheit for å starte i 4H. Per no er det heile 26 kløvermedlemmar i Firkløveren 4H. Dette er i tråd med 4H sitt fokus - å få fleire med i 4H gjennom kløvergrupper.

I tillegg til satsinga på dei yngste, har klubben over fleire år hatt stabilitet i medlemsmassen. Dei siste fem åra har dei hatt over 70 medlemmar, noko som vitnar om eit godt og trygt miljø i klubben der folk ønskjer å vere over tid. Klubben har tydeleg lukkast med å skape ein plass der medlemmane trivst og kjenner seg inkluderte.

Klubben har også markert seg godt på arrangement i regi av 4H Rogaland i 2025. Dei har hatt mange deltakarar med på alle arrangementa, noko som viser både engasjement og vilje til å delta aktivt utanfor eigen klubb. Aktiv deltaking på slike arrangement er viktig for å skape gode opplevingar og utvikle medlemmane vidare.

Firkløveren 4H er òg flinke til å skaffe inntekter. Gjennom ulike aktivitetar og tiltak har dei klart å byggje opp ein solid økonomi. Dette gjer det mogleg å halde medlemsmøta i stor grad utan eigenandel, noko som senkar terskelen for deltaking. Når økonomi ikkje blir ei hindring, får fleire moglegheit til å vere med, og det bidreg til eit meir inkluderande miljø.

Gjennom langsiktig arbeid, godt samhald og høgt engasjement har dei bygd ein klubb som fungerer svært godt på fleire område. Derfor vil fylkesstyret gratulere Firkløveren 4H som årets klubb."