19 4H-ere i fra Norge i alderen 15-18 år, samt 2 reiseledere reiste 23.juni til USA på sommerutveksling. I omtrent ein månad bodde ungdommane hos kvar sin vertsfamilie i ulike delstatar. Denne gongen var det Kansas, Montana, Washington, Nord Caroline og Wisconsin som er dei utvalde statane.

 

Der fekk dei vere ein del av vertsfamiliane sine liv, delta i kvardagen, bli kjent med nærområdet og oppleve USA frå innsida og oppleve korleis amerikanske familiar lever. I ein månad knyta dei band over landegrensene og lærte om seg sjølve og andre. « Å lære ved å gjøre» er slagordet til 4H , og det skjer også på utveksling!

 

Litt glimt i frå Alf sin utveksling:

Gjennom opphaldet forventar eg å lære meir om den amerikanske kulturen, bli kjent med nye mennesker og ikkje minst bli betre i engelsk.

Eg har også fått opplevd jordbruket på nært hald. Ein dag var eg med ein lokal veterinær på runden sin. Han kunne fortelle meg veldig mykje om det amerikanske jordbruket. Det er blant anna vanleg å ha arbeidarar som mjølkar kyra. Det var ein veldig interessant og lærerik dag, spesielt for meg som vurderar å studere veterinærmedisin.

Det er fascinerande å oppleve ein annan kultur på kloss hold. Eit eksempel er matvanene i USA. Me et berre 3 gonger til dagen og nesten ikkje brød. Sjølv om det er annleis enn heime er det kjekt å erfare skilnadene.

Lytt gjerne til intervjuet med Alf på NRK lokalen nå i sommer, 14.juli
Du finner intervjuet på tidspunktet 2:05:24 ut i programmet.