Randaberg 4H, som starta opp i fjor, har både stått på stand, gjennomført lærerik oppleving og sove under open himmel.
Det er viktig å gjera seg synleg i nærmiljøet der ein har starta ny klubb, og dette har Randaberg 4H gjort for fullt den siste tida. Dei hadde stand på opninga av Vistnestunet den 23.04 og på Vårmarken på Randaberg 29.04.
"Me hadde eit vellykka arrangement på Vistnestunet i går. Me lånte den lærerike kofferten frå 4H kontoret og brukte noko av utstyret i den. Ellers hadde me naturbingo som blei veldig populært, og steikte pinnebrød og marshmallows på bålet. Det var 4 - 5 timar med kjekk 4H aktivitet".
Foto: Berit Øverland
Randaberg 4H har òg vore på ei Lærerik Oppleving på Vitenfabrikken der dei laga fallskjerm til egg.
"Opplegget medå lage fallskjem til egget var veldig kjekt. Det var stort engasjement, og godt samarbeid i gruppene. Etter opplegget fikk ein gå rundt på eigenhand, og alle utforska forskjellege installasjonar og hadde nokre fine timar".
Foto: Berit Øverland
Det siste som har skjedd i klubben er at dei sov under open himmel.
"Me var 7 medlemmar og to vaksne som overnatta på Mosterøy frå laurdag til sundag. Det var ein strålande kveld med stjerneklart og flott vær. Me spidda pølser på bål, hadde popcorn, pinnebrød og koste oss med leik og aktivitet. Medlemmane sov godt og haldt stort sett varmen. Dei hadde hatt ei fin natt når me vakna i sola på sundagsmorgon. Veldig kjekt og det var nokre fornøgde 4H meldemmar som reiste heim."
Foto: Berit Øverland
Kjenner du nokon som bur på Randaberg og vil begynna i 4H? Fortell dei kor mykje kjekt dei gjer i Randaberg 4H og ta kontakt med klubben.