I november er det årsmøte i 4H-klubbane og i februar er det årsmøte i 4H Rogaland. På årsmøtet diskuterer og stemmer ein over kva som skal skje framover. Men kven avgjer kva saker som skal opp? 
 
Korleis melde inn ein sak til årsmøtet i klubben?

På eit årsmøte i klubben kan innkallinga og sakslista sjå slik ut: 

sakliste til årsmøte

I klubben har alle medlemmane stemmerett på årsmøtet.

Dersom du som medlem har ein ide eller noko du meiner klubben må diskutere på årsmøtet, må du melde dette til styret minst 5 dagar før årsmøtet. Dette står i vedtektene (lovene) for 4H-klubbar. Din sak vil då bli tatt opp under sak nr. 6 (sjå bilete).

Korleis melde inn ein sak til årsmøte i 4H Rogaland? 

På årsmøtet i klubben blir det avgjort kven av medlemmane som skal ha stemmerett på fylkesårsmøtet (sjå sak 9c på bilete over). Ofte blir desse kalla for utsending, delegat eller årsmøterepresentant. 

Årsmøtet i fylkeslaget skal i følge vedtektene (PDF, 618KB) handsame desse sakene: 

  • Valg av referent til å føre protokollen
  • Valg av to (2) representanter til å underskrive protokollen sammen med ordføreren
  • Forretningsorden for årsmøtet
  • Årsmelding fra fylkesstyret
  • Signert og revidert regnskap
  • Prinsipielle spørsmål reist av landsstyret, eller saker som klubbene eller fylkesstyret ønsker å drøfte. Slike saker skal være kommet til fylkesstyret senest tre (3) måneder før årsmøtet.
  • Handlingsplan
  • Vervemål
  • Årsplan
  • Budsjett
  • Tilsetting av revisor
  • Valg 

Nokre gonger vel vi å dele opp sakene, og saklista kan derfor sjå litt annleis ut. 

Vedtektene til fylket seier at desse har rett til å senda inn saker til fylkesårsmøtet: 

  • 4H-fylkesstyret
  • 4H-klubbane
  • medlemsorganisasjonane
  • dei valde årsmøterepresentantane (frå klubbane)

Fristen for å sende inn saker til årsmøtet i fylket er i følge vedtektene 3 månader før møtet, Dersom de til dømes på årsmøtet i klubben kjem på ein sak, skal de likevel ikkje nøle med å sende den til styret