Etter to leirlause år var det endeleg klart for fylkesleir i Rogaland 4H. I år vart leiren arrangert i Årdal av Bygda 4H, Jerv 4H og Hjelmen 4H. Leiren starta fredag 24. juni og slutta måndag 27. juni.

Fredag starta alle med å klø seg i hovudet av korleis desse telta skulle setjast opp nå igjen. Heldigvis var det fint vêr med ein temperatur opp mot 30 grader, så det var ikkje noko hastverk. Etter middag var alle dei 130 deltakarane samla for leiropning. Resten av kvelden gjekk med på å treffe gamle vener og få nye.

åpning av leiren foran scene

masse ungdomar i matsalen

telttun

Laurdag var det aktivitetsdag. Då skulle alle deltakarane på ulike aktivitetar som dei hadde meldt seg på. Ein kunne blant anna velje mellom kanopadling, frisbeegolf, slakting, motorsag, topptur og mange fleire. Etter kvart som alle var kome tilbake frå aktivitetane og fått i seg mat, var det klar for innleiande rundar med volleyball. Etter nokre intense kampar var det klart for grillmat. Denne kvelden var det også diskotek med DJ Ronny Bøe.

tre jenter i kano

Sundag sto det konkurransar på programmet. Etter frukost bar det rett på flåtebygging. Flåtane skulle byggas av 2 flyteelement, 2 pallar, plankar og stropper. På kvelden skulle det arrangerast flåterace med desse. Når flåtane nærma seg ferdige, kom regnet. Det øste ned og alle flykta inn. Det var likevel berre for ei lita stund for volleyballturneringa måtte spelast ferdig. Det vart nokre blaute sluttkampar før Bjerkerota 1 vart kåra som vinnar. Med kvelden kom også flåteracet. Her var det moglegheit å vinne 3 prisar; raskaste, mest kreative og fiaskoen. Den gjævaste av dei, raskaste, var det igjen Bjerkerota som vann med «Den sorte dame». Mest kreative gjekk til «Den sorte terasse» og fiaskoen gjekk til «Palle uteligger». På kvelden kunne dei som ville som var 15 år eller eldre døgne.

flåtebygging

volleyballspilling

vinnarlaget i volleyball

Siste dagen var det berre premieutdeling og pakking av leiren før det var heimreis. Resten av dagen gjekk med på å ta igjen søvn frå helga. Eit sikkert teikn på ein veldig godt gjennomført leir.