I helga er det både Storkurs og Fylkesstyreopplæring for det nye fylkesstyret som blei valt på årsmøtet i februar. 

Storkurset starter fredag kl 17 på Orstadhuset med registrering og middag. Etter dette blir det ei heil helg fullpakka med læring, nye 4H vener, underhalding og volleyball. Om ein ikkje kjenner så mange frå før skal ein ha "speedfriending" der ein kan bli kjent med mange nye 4Harar. Det er stor variasjon i kva medlemmane skal læra i løpet av helga, nokon skal læra om volleyball, andre skal læra meir om islandshest. Nokon skal bake, andre skal slakte, og nokon skal læra meir om Kabylsk vev saman med Jæren Husflidlag. Uansett kva kurs ein skal på så kjem ein til å læra noko nytt, og ha det kjempe kjekt! 

Det nye fylkesstyret i 4H Rogaland har enda ikkje møttest alle saman, og er klar for ei helg både med sosiale aktivitetar og innføring i styrearbeid. Styret starter det heile med surfekurs på Bore på fredag, etterfulgt av boblebad og middag. Styret består i år av ungdom mellom 16 og 21 år, som ynskjer å skape gode arrangement og ha fokus på at alle skal kjenna at 4H er ein god plass å vera. I løpet av laurdagen skal ein fordela roller i styret, læra meir om korleis 4H er bygd opp og dei skal ha sitt første styremøte. På slutten av dagen blir styret med på Storkurs for å helsa på medlemmar i 4H og høyra korleis dei har det på Storkurs. 

Med andre ord - ei skikkelig 4H helg!