Har du tenkt over kor mange spanande fargar det er ute i naturen om hausten?
Hausten er ein flott tid med mykje fargar og gode smakar. Tar du ein tur ut i naturen, kan du finne mykje fint du kan bruke til å lage ting og pynt som du kan ha i og utanfor huset ditt, og du kan ta flotte bilete som du kan sette inn i ei ramme og hengje opp.
Her er nokre tips:
Oppdragsbanken: Fotografering: natur og friluftsliv
- Fargejakt; Eks. Ta bilete av flest mogleg fargar i løpet av ein tur, eller flest mogleg fargar på eit blad.
- Haustskattejakt: Skriv opp 10- 15 ulike ting som haustblader, stein, kongle, fjær, sopp og liknande. Så kan de gå ut på jakt etter dette ute i skogen. Ta bilete av det, eller ta med heim.