Stillinga er 50% fast stilling. Passar perfekt i kombinasjon med studier eller annan jobb. Oppstart: 1. mars eller før etter avtale.  

Arbeidsoppgåver: 

  • Leggje til rette for effektivt arbeid i utval, arbeidsgrupper og arrangørkomitear.  
  • Initiere og støtte opp om oppstart av nye 4H-klubbar. 
  • Planleggje og gjennomføre aktivitet mellom anna på besøk hos lokale 4H-klubbar. 
  • Utvikle og forvalte tiltak og prosjekt i tråd med 4H-fylkeslaget sine mål
  • Koordinere og følgje opp idear frå fylkesstyret, utarbeide planar og sikre gjennomføring. 

Kvalifikasjonar: 

  • Gode evner og kunnskap i kommunikasjon og samarbeid med barn og unge.  
  • Erfaring i og kunnskap om frivillig arbeid, arrangement og prosjektorganisering. 
  • Engasjert og lærevillig. 
  • Kjennskap til økonomi og administrasjon i frivillige organisasjonar. 
  • Grunnleggande kunnskap innan IKT. 
  • Høgare utdanning eller fagbrev. Min. 2 års relevant erfaring kompenserer for utdanning.  
  • Viktige eigenskapar: sjølvgåande, serviceinnstilt, profesjonell, kvalitetsbevisst, fleksibel og effektiv. 

Personlege eigenskapar: 

  • Engasjert og motivert til å jobbe for 4H sine mål. 
  • Strukturert og løysingsorientert. 
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. 
  • Fleksibel og open for nye utfordringar. 

Me tilbyr: 

Eit engasjerande arbeidsfellesskap i ein av Noregs største barne og ungdomsorganisasjonar. 

Ein variert og fleksibel arbeidskvardag med moglegheit for påverknad, læring og sjølvutvikling. 

Arbeidsvilkår 

  • Løn etter avtale 
  • Politiattest må leggast fram før tilsetjing 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Fleksibel arbeidstid 

Arbeidsstaden for stillinga er hos 4H Rogaland, Hillevåg i Stavanger. Ein må rekne med noko kvelds- og helgearbeid. Ein må ha førarkort klasse B, samt disponere bil. Arbeidsgjevar er 4H Norge med regionleiar for Vestlandet som nærmaste overordna. 

Kontaktperson og søknad 

Synnøve Jørgensen, regionleiar for 4H på Vestlandet: Tlf. 960 96 773 Søknad og CV sender ein på e-post til Synnøve innan 1.februar 2024 

Me ser fram til å motta søknad frå deg!