4H Norge avdeling Rogaland har ledig fast stilling 50%:

 

Arbeide for gode 4H-arrangement?

Syns du barn og unge, frivilligheit og organisasjonsarbeid er inspirerande, og taklar alt frå søknadsskriving til beredskapsarbeid? Har du kunnskap om kva behov og verkelegheit unge menneske har i dag? Har du lyst på ein meiningsfull jobb i ein spennande organisasjon? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Viktige arbeidsoppgåver i stillinga:

  • Rettleiing og oppfølging av frivillige arrangørkomitear
  • Klubb- og medlemspleie
  • Informasjonsarbeid
  • Rekruttering og oppstart av nye 4H-klubbar

Vi søkjer etter deg som:

  • Har fokus på kvalitet og gode prosessar
  • Har gode formidlingsevner og evne til å rettleie, motivere og inspirere
  • Kommuniserer godt med barn og unge, både skriftleg og munnleg
  • Har gode samarbeidsevner
  • Kan arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Trivst i samarbeid med barn, ungdom og vaksne
  • Har grunnleggande kompetanse innan IKT
  • Har kunnskap om prosjektorganisering
  • God kompetanse i organisasjonsarbeid
  • Har kompetanse og erfaring med planlegging, gjennomføring og evaluering av større arrangement for barn og unge
  • Har kunnskap om og erfaring med frivillig arbeid
  • Er kreativ og løysingsorientert

Du blir ein del av:

  • Eit arbeidsfellesskap med moglegheit for påverknad, utvikling og ny læring

Løn etter avtale.

Politiattest må leggjast fram før tilsetjing.

Arbeidsstaden for stillinga er hos 4H Rogaland i Stavanger, Hillevåg. For stillinga inngår gode pensjons- og forsikringsordningar. Fleksibel arbeidstid. Ein må rekne med noko reiseverksemd, samt kvelds- og helgearbeid. Ein må ha førarkort klasse B. Arbeidsgjevar er 4H Norge med regionkoordinator for Vestlandet som næraste overordna.

Oppstart: så snart som mogleg.

Kontaktperson for stillinga:
Synnøve Jørgensen, regionkoordinator for 4H på Vestlandet: Tlf. 960 96 773

Søknad og CV sender ein på e-post til synnove.jorgensen@4h.no innan 15. august 2022.

Du finn denne annonsa også på arbeidsplassen.nav.no

4H er ein landsomfattande barne- og ungdomsorganisasjon. I 4H møtast over 11.000 barn og unge i 500 4H-klubbar (36 i Rogaland!). 4H sitt føremål er å skape ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske. Mottoet vårt er å lære ved å gjere.