Mathias Vigane frå fylkesstyret delte ut æresdiplom til Siv Renate på vegne av heile fylkesstyret. 

Fylkesstyret si grunngjeving: 

Siv Renate Salte har vore med som frivillig i 4H sidan 2017 og har gjort ein betydeleg innsats for klubben Vigre 4H, lokalmiljøet og 4H Rogaland.  

Ho har vore klubbrådgjevar i Vigre 4H frå 2017 og fram til dags dato. Frå 2020 til og med mars 2025 var ho Klubbrådgjevar A. No er ho per dags dato igjen klubbrådgjevar B. Vigre 4H har hatt betydeleg medlemsvekst i åra Siv Renate har vore klubbrådgjevar A, noko som visar eit brennande engasjement for 4H frå Siv Renate og resten av klubben. I 2021 arrangerte 4H Rogaland saman med Rogaland Bygdeungdomslag arrangementet STEM. Dette var eit arrangement med fokus på Stortingsvalet. Siv Renate var pådrivar og gjorde ein stor innsats for dette frå Vigre 4H si side. Ho har òg fleire gonger vore med som vaksenleiar på fylket sine styrevervskurs og storkurs. I tillegg har Siv Renate vore med som sekretær i Hå 4H-nemnd frå 2020 – 2024, og er per dags dato styremedlem i nemnda.  

Siv Renate har òg engasjert seg for 4H Rogaland. I to periodar, frå 2023 til 2025, har ho vore ordførar.  I 2022 var ho vaksenleiar på storleir for første gong, og i 2023, 2024 og 2025 var ho med som hovudleiar. Siv Renate har vore ein trygg hovudleiar for dei andre leiarane og er ein person som ser ungdommane. Ho har vore engasjert i rekruttering av leiarar, planlegging av fellestransport og andre prosessar i forkant av storleir.  

Fylkesstyret vil takka for engasjementet og hennar hjarte for 4H.