Fylkesstyret si grunngjeving: 

Nils har vore Klubbrådgjevar A i frå 2011 til 2022 i Bjoa 4H, og gjekk då over til å bli Klubbrådgjevar B i 2022 og er det per dags dato.  

Nils har vore ein aktiv bidragsytar til fleire fylkesleirar, seinast i 2023 då nemnda arrangerte leir på Tveit jordbruksskule.   

Han var styremedlem i Vindafjord og Tysvær nemnd i 2016, og sekretær i 2021 og 2022. I frå 2022 har han vore leiar av nemnda, og var ein aktiv pådrivar for samanslåing av de to nemdene på Haugalandet, Vindafjord og Tysvær.   

Nils har vore med å gjennomføra de årlege aspirantleirane for 4H klubbane nord for Boknafjorden i mange år. «Amazing Race» er eit årleg, dagslangt rebusløp på land og i sjø. Dette har vore klubben sin største medlemsmagnet sidan starten i 2014, og Nils Reimers har vore viktig brikke i gjennomføringa av dette årlege arrangementet.  

Fylkesstyret vil med dette takke Nils Reimers for sitt engasjement og alle timane han har brukt på 4H, både i klubben, nemnda og for 4H Rogaland. Og takk for gode innspel til 4H Norge.