Fylkesstyret si grunngjeving

I Skjalg 4H på Sola har Mona vore Klubbrådgjevar A og B i fleire omgangar.   

Ho var Klubbrådgjevar A i frå 1995 til 1998; 2001 til 2004, og deretter i frå 2008 til 2020.  

Mona starta allereie i 1991 som klubbrådgjevar B, og dei åra ho ikkje har vore Klubbrådgjevar A har ho vore klubbrådgjevar B, og er det framleis.   

Mona har delteke på samtlege Klubbrådgjevaramlingar i fylket heilt sidan 1995. Ho har vore aktiv bidragsytar ved arrangering av storkurs ved fleire anledningar. Ho har bidratt til at mange medlemmar har fått oppleva både Storkurs, Styrevervkurs og Årsmøte ved å vera med som vaksenleiar. I 2018 var ho òg med som vaksenleiar på Landsleiren.  

I 2019 var ho leiar av valkomiteen for Fylkesstyret i Rogaland. I tillegg har ho vore styremedlem i Sandnes og Sola 4H nemnd i frå 2009 til 2013.  

Fylkesstyret i Rogaland ønskjer å takke Mona ekstra mykje for den utrulege innsatsen ho har gjort i mange, mange år for 4H .