Fylkesstyret si grunngjeving

I Sjøglimt 4H, Brusand, har Ingonn vore Klubbrådgjevar B i 2004 og klubbrådgjevar A i frå 2005 til 2024, og gjekk i 2024 tilbake som Klubbrådgjevar B. I 2008 var ho også leiar av Fylkesstyret i Rogaland.  

Ingonn har delteke som vaksenleiar på imponerande antall styrevervkurs, storkurs og fylkesleirar. Ho har vore vaksenleiar på alle Landsleirane frå 2008 til 2022, og vaksenleiar på nordisk leir i 2011, 2015, 2017  og 2019.  I tillegg har ho delteke på Klubbrådgjevarsamlingar i fylket heilt sidan 2006. Ho har òg vore aktiv bidragsytar ved arrangering av styrevervkurs og storkurs ved fleire anledningar. Ingonn har vore leiar av Hå 4H nemnd sidan 2010 til 2024. 

Ho har også hatt eit aktivt forhald til det nye 4H løpet, og har kome med mange gode innspel for å betra prosjektplattforma og MIN side. Ingonn har engasjert seg både lokalt, på fylkesnivå og landsnivå i ei årrekkje, noko som har vore særdeles nyttig for 4H. Ingonn sitt engasjement har skapt stabilitet og forutsigbarheit i klubben, samt vore ein stor bidragsytar utanfor eigen klubb.  

Fylkesstyret ynskjer å takka Ingonn for den innsatsen ho har lagt ned, og det pågangsmotet ho har hatt i alle desse åra i 4H.