4H Rogaland ønsker å bidra til eit godt oppvekstmiljø på Storhaug i Stavanger gjennom 4H-aktivitet med landbruk som utgangspunkt.

Kva skal skje? 

Vi ønskjer å starte opp prosjektet "Haugen 4H" nå hausten 2020 og avslutte om ca eitt år.  

Fase 1: Etablering av styringsgruppe og ressursgruppe, samt planlegging av fase 2 og 3

Vi vil engasjere ein prosjektleiar i 20 % prosent stilling i 12 månader. 

I tillegg til prosjektleiar ønskjer vi å ha ei styringsgruppe basert på frivillige med ein leiar og 2 medlemmer. Styringsgruppa skal i tillegg til å ha møter for å styre prosjektet, også bidra aktivt under gjennomføring av aktivitetane. Med seg for å gjennomføre aktivitetane, vil styringsgruppa ha ei ressursgruppe. Dette er barn og ungdom som allereie er medlem i 4H. Desse skal vere ambassadørar og medhjelparar under arrangementa.

Fase 2: Marknadsføring av 4H på Storhaug

  • Informasjonskampanje med ulike målgrupper og på ulike språk
  • Vere til stades på aktuelle arenaer/møtestader
  • «Ranselpost» til alle elever (om dette er mogleg)
  • Pressemeldingar i lokale blad og aviser
  • Digital marknadsføring i sosiale media

Fase 3: Bli kjent med 4H og planlegging av fase 4

I løpet av hausten og vinteren vil vi invitere barn og ungdom på Storhaug til opne arrangement utan påmelding. Aktivitetane og gjennomføringa av arrangementa skal vise kva 4H er og står for. Styringsgruppa og ressursgruppa vil sørge for deltakarane får oppleve 4H-aktivitetar som til dømes dyrking av grønsaker i parsellhage, mat på bål, gardsbesøk, volleyballturnering, matlaging… Utfordringa er å treffe målgruppa med riktig aktivitet, og her må vi derfor lære etter kvart. Alle aktivitetane skal vere gratis.

Vi ser for oss minst ein aktivitet i månaden i perioden oktober2020 – april 2021. 


Fase 4: Etablering av 4H-klubb

For å etablere ein sterk og varig klubb er det mange faktorar som skal på plass. Erfaring seier at dette krev ressursar og god tid.  

  • Informasjonskampanje om planane
  • Rekruttering av vaksne ressurspersonar lokalt
  • Etablering av eit klubbstyre og alt det formelle
  • Finne klubbnamn
  • Hjelp til oppstart av aktivitet

Fase 5: Rettleiing i drift av 4H-klubb, evaluering, rapportering og planlegging av eventuell vidareføring av prosjekt

Siste fase av prosjektet handlar om å få 4H-klubben på Storhaug til å leve utan ekstra ressursar. Dei kjem framleis til å trenge rettleiing, men etter prosjektperioden er slutt er det 4H-kontoret som står for dette.

I tillegg handlar fase 5 om å samle opp dei erfaringane vi har gjort gjennom prosjektet, rapportere til dei som har bidratt økonomisk og eventuelt planlegge og søke pengar til gjennomføring i nytt område. 


STILLINGSANNONSE:

4H Norge avdeling Rogaland har ledig midlertidig stilling:

Prosjektleiar i 4H  

20% midlertidig stilling i 12 månader ledig som leiar for prosjektet «Haugen 4H».
Arbeidsstad hos 4H Rogaland i Stavanger. Oppstart snarast.  

Ønska kvalifikasjonar:

  • Kunnskap om og erfaring med frivillig arbeid
  • Kunnskap om prosjektorganisering
  • Kunnskap om landbruk
  • Grunnleggande kunnskap innan IKT

Vi søkjer etter deg som:

  • Er kreativ og resultatorientert
  • Har gode formidlingsevner og evne til å rettleie, motivere og inspirere
  • Kommuniserer godt med barn og unge, både skriftleg og munnleg
  • Er sjølvstendig og fleksibel
  • Ønskjer å formidle kunnskap om landbruk
  • Trivst i samarbeid med barn, ungdom og vaksne

Du blir ein del av:

  • Eit arbeidsfellesskap med moglegheit for påverknad, utvikling og ny læring

Løn etter avtale.

Politiattest må leggjast fram før tilsetjing.

Arbeidsstaden for stillinga er hos 4H Rogaland i Stavanger, Hillevåg. For stillinga inngår gode pensjons- og forsikringsordningar. Fleksibel arbeidstid. Ein må rekne med noko kvelds- og helgearbeid. Ein bør ha førarkort klasse B. Arbeidsgjevar er 4H Norge med regionkoordinator for Vestlandet som nærmaste overordna.

Kontaktperson for stillinga:

Synnøve Jørgensen, regionkoordinator for 4H på Vestlandet: Tlf. 960 96 773/416 17 198.

Søknad og CV sender ein på e-post til Synnøve innan 31. august 2020.


Kvifor 4H på Storhaug? 

4H Rogaland har i dag 1400 medlemmar fordelt på 36 klubbar rundt om i fylket. 4H har få klubbar i byen. Frivillig arbeid i byen fungerer annleis og vi i 4H må tenke nytt. Gjennom klubbar som til dømes Skjalg 4H på Sola, haustar vi kompetanse i det å drive 4H-klubb i meir urbane strøk. Korleis rekruttere medlemmer og engasjerte vaksne? Korleis organisere dugnadsarbeidet? Korleis få merksemd i jungelen av informasjon? Kva språk bør vi gi ut informasjon på? No vil vi erfare meir og «lære ved å gjere» på Storhaug i Stavanger.  

Storhaug har vore ein bydel med store utfordringar heilt sidan folk levde av sildefiske i denne byen. Der sesongarbeidarane for snart hundre år sidan levde, finn vi no innvandrarar og andre som gjerne slit med å finne arbeid og kjøpe eigen bustad. Klasseskilnaden er stor mellom desse og den velståande delen av Storhaug, der unge norske har pussa opp gamle villaer med stor hage.

Mykje bra har skjedd i bydelen dei siste åra, men kartleggingar og levekårsundersøkingar viser likevel at barnefattigdom er eit aukande problem og trivselen låg. Kommunen har derfor, saman med Staten, sett i gong tiltak som skal løfte bydelen.

Dette er ein unik sjanse for oss i 4H. Gjennom områdesatsinga kan vi lære mykje om både frivilligheit i byen, samt korleis vi kan nå fram til barn og ungdom som ikkje deltar på lik linje med andre. På 4H Rogaland sine arenaer får barn og ungdom ei unik sjanse til å oppleve og erfare eit stort mangfald av aktivitetar og interessefelt. Formidling av kunnskap og gode haldningar i forhold til berekraftig produksjon og forbruk ligg alltid under. Lokalt i klubbane er fokuset på naturbruk og praktiske ferdigheiter endå  tydelegare. Vi trur at 4H-aktiviteten har eit stort potensiale på Storhaug fordi 4H kan vekke interesse og tryggleik på tvers av både alder, samfunnslag og kulturell bakgrunn.  I tillegg gjev «lære ved å gjere» metoden meistring hjå den enkelte og samhald i gruppa. 4H arbeider gjennom dette for å utrydde fattigdom og utanforskap.