Førre helg var det årsmøtet i 4H Rogaland. Nesten 200 engasjerte ungdomar i salen og mange gode innlegg, lover godt for eit aktivt 4H-år!
-Vi er klar for eit nytt år med 4H-aktivitetar, styrearbeid og planlegging av nye spennande prosjekt, seier styreleiar Mari Aksdal Hermansen (21 år). Ho har nå tatt attval og ser fram til andre periode som leiar for 36 lokale klubbar og 1300 4H-medlemmer frå fylket.
-Det er som å vere på «nivå 2». Nå veit eg kva som ventar, og kan tenkje mykje lenger fram enn i fjor, fortel ho engasjert. Mari kjem frå Sola kommune, og har vore aktiv i Skjalg 4H sidan ho var lita jente.
-I 4H har eg lært utruleg mykje om svært mange forskjellige tema, men aller mest om organisasjonsarbeid, leiarskap, demokrati og samarbeid.
Dette året skal Mari og resten av styret arrangere Storkurs på Klepp, Fylkesleir i Dirdal og tur til landsleir i Bodø. Dei har også planar om oppstart av ny klubb på Storhaug i Stavanger. Samstundes utarbeider styret nye mål for organisasjonen.
-Vi ønskjer å knyte endå sterkare band mellom klubbane og fylkesleddet. Ein tett og god dialog vil styrke demokratiet, samt gjere tiltaka som fylket set i gong mykje betre, seier Mari.
Desse er vald inn i nytt styre:
|
namn |
Alder |
Lokal klubb |
kommune |
Leiar |
Mari Aksdal Hermansen |
21 |
Skjalg 4H |
Sola |
styremedlem |
Sigfrid Skogland Kristjansdottir |
18 |
Fordsol 4H |
Tysvær |
styremedlem |
Rune Bråthen |
37 |
Skjold 4H |
Vindafjord |
styremedlem |
Helle Skretting |
16 |
Svala 4H |
Hå |
styremedlem |
Jeanette Øyen |
35 |
Fjellbygdå 4H |
Klepp |
1 vara |
Iris Merete Natten Frydenlund |
19 |
Viking 4H |
Sandnes |
2 vara |
Jørgen Tuen |
17 |
Solglimt 4H |
Hå |
3 vara |
Janne Fagerland Sjursen |
17 |
Hjelmen 4H |
Hjelmeland |