På festen stiller medlemmane ut prosjekta dei har arbeidd med gjennom det siste året, underhaldar frå scena, er programleiarar, serverer mat og kaffi og tar imot prominente gjester.

 

-Etter nesten 2 år med lite aktivitet, er det fantastisk å sjå at klubbane igjen inviterer til haustfestar, seier styreleiar i 4H Rogaland Mari Aksdal Hermansen.

 

Vurdering av 4H-prosjekt

Høgdepunktet på festen er utdelinga av merke til medlemmene med godkjent 4H-prosjekt. Har ein fått merke sju gonger, mottar ein 4H-plaketten og vitnemål.

 

-4H-plaketten viser at du har vilje til å gjennomføre, lære nye ting og kan arbeide sjølvstendig. Medlemmer legg gjerne fram vitnemål frå 4H på jobbintervju, fortel Mari. I Rogaland er det i årleg rundt 70 ungdomar som mottar plaketten.  

 

Klart hovud, varmt hjarte, flinke hender…

Det er, som alltid i 4H, medlemmane (10-18 år), som planlegg og gjennomfører det som skjer i klubben. Dei vaksne er i bakgrunnen for å rettleie og støtte. I ferdigstilling eller vurdering av 4H-prosjekta er dessutan føresette, besteforeldre og andre ressurspersonar i nærmiljøet engasjert. Haustfesten er staden for å gjere stas på, og takke alle for innsatsen.

 

-Bak kvar enkelt haustfest ligg det ein enorm frivillig innsats, seier Mari. Saman med resten av fylkesstyret skal ho besøke ei rekkje haustfestar denne månaden.

 

-Eg gler meg til å helse på alle dei stolte 4H-arane og sjølvsagt til smake alle dei heimelaga kakene, smiler Mari.

 

Haustfestane er opne arrangement. Kom gjerne innom!