-Å oppleve noko sosialt og spennande saman er viktig for å bli eit godt team. Det er lenge sidan vi har hatt eit så ungt fylkesstyre i Rogaland. Dette er ein fantastisk gjeng med mange tankar om framtida til 4H, fortel Synnøve Jørgensen, regionleiar for 4H i vest. 

4H Rogaland er eit av dei aller største 4H-fylka i landet, med over 1200 medlemmar og 35 klubbar. Det neste året vil styret ha som mål å skaffe fleire aktive ressurspersonar som kan ta på seg små og store oppgåver i fylket, samt synleggjere 4H.   

– Det handlar om å visa medlemmar kor kjekt det er å reisa på 4H arrangement, visa barn og unge generelt kor kjekt 4H er, samt vise at alle er velkomne. Me vil at fleire skal få oppleva kor godt det er å vera med i 4H, seier Peder. Vi har derfor oppretta ei ny rolle i styret. Bertine Hetlelid (16) skal mellom anna lage ein god plan for synleggjering i sosiale media.  

Etter teambuilding på surfebrettet og litt opplæring i organisasjonsarbeid, fekk gjengen prøve seg i rolla som fylkesstyre for alvor under Storkurset på Orstad same helg. På scena presenterte styret seg for vel 200 4H-arar.  

-Eg vil at alle skal kjenna at 4H er ein god plass å vera, gler meg til å stella i stand gode arrangement for alle i klubbane og til å skapa kjekke 4H-minner, avsluttar Peder.  

Fylkesstyret for året 2024: 

Leiar: Peder Krokedal, Hjelmen 4H, 17 år frå Hjelmeland  

Styremedlem: Bertine Hetlelid, Frisko 4H, 16 år frå Erfjord  

Styremedlem: Tiril L. Steindal, Frisko 4H, 17 år frå Erfjord  

Styremedlem: Sindre Sandsgård, Bjoa 4H, 20 år frå Bjoa  

Styremedlem: Randi Dybing Stølen, Skogstjerna 4H,18 år frå Ualand  

Varamedlem: Niklas Vestersjø, Jerv 4H, 17 år frå Årdal  

Varamedlem: Anna Søyland, Sjøglimt 4H, 17 år frå Sirevåg  

Varamedlem: Viktoria Skrudland, RAA, 19 år frå Lyefjell