Bjoa 4H var ein av dei første klubbane i Rogaland som arrangerte SIKT (Storkurs i koronatid) i 2021. «Capture the Flagg" var hovedkurset.
Etter ein periode med ekstra krevjande koronatiltak i Nordfylket har klubbarbeidet vore utfordrande. Onsdag 12. mai hadde Bjoa 4H si andre klubbsamling for året, og tilbydde medlemmene to kurs; "Capture the flag" og "Opptenning av bål med fyrtøy"
Til denne utandørs-samlinga hadde styret laga eit opplegg med opplæring som var tilpassa strenge avstandskrav. Styret hadde gjort ein god jobb, og det blei veldig godt frammøte.
![]()
Første var fellesaktiviteten «Capture the Flagg» som byrja med opplæring i det nye konseptet. Deretter blei det gjennomført to rundar. Kvar runde starta med å etablere lagmoral og strategi.
Etter at «Capture the Flag» var godt innarbeida, blei det gjennomført eit kurs i opptenning av bål med fyrtøy. Dette er kunnskap som kan komme vel med nå når friluftsesongen startar. Bålet blei seinare nytta til å steike pølser som avslutta opplegget saman med drikke og is til dessert.

Når sola gjekk ned var alle klar for å gå på for fullt når neste steg i gjenopninga blir annonsert.