Prosjektet har utspring i SIKT som gjekk i 2021. Forskjellen i år er at me ikkje deler ut penger til klubbane for å gjennomføra eit kurs, men at klubbar skal få velja nesten ferdige opplegg som dei kan gjennomføra gratis. Det skal vera enkelt å få til god aktivitet i klubben etter korona, og dei opplegga me legg opp til kan både vera ein spesifikk aktivitet, ein aktivitetskoffert og arrangement for medlemmar utanom klubben. 

Prosjektet skal koma alle medlemmar til gode, enten om det er gjennom klubbaktivitet eller anna aktivitet som går direkte til medlemmar. 4H Hordaland har fått midlar til same prosjekt, så prosjektleiarane i fylka samarbeider tett. Her skal ein sjølvsagt legge til rette for lokale forskjellar både mellom fylka og innanfor fylka. 

La oss saman skape gode 4H-minner og læra ved å gjera.