I serien om skog og skogbruk kan du velje oppdrag om skog, skogplanting og skogsarbeid med motorsag. Serien er utvikla i samarbeid med Skogkurs. Dersom du søkjer på oppdrag tagga med «skogbruk», ser du alle oppdraga i denne serien.


Dei fleste forbind bruk av motorsag med skogsarbeid, men motorsag blir òg brukt i t.d. tekniske einingar i kommunar eller energiselskap. Mange av desse bedriftene tilbyr sommarjobb og då er det ein stor fordel for deg å beherske verktøyet.

Motorsaga er eit viktig og allsidig reiskap. Bruk på den riktige måten er den både effektiv og trygg. Det er viktig at motorsaga blir halde ved like med jamne mellomrom. Kombiner oppdraget gjerne med oppdraget Kurs i bruk av motorsag. Du må ha fylt 15 år og kunne vise til dokumentert sikkerheitsopplæring før du kan bruke motorsaga.

Framgangsmåte:

  1. Gjer deg kjent med motorsaga di og finn ut kva sikkerheitsfunksjonar motorsaga har og korleis dei fungerer.
  2. Lær korleis du:
  • Justerer forgassar og tomgangsturtal
  • Filer, byter og strammar kjeda
  • Snur sverdet
  • Held motorsaga reint
  • Startar motorsaga på ein sikkert måte
  • Oppbevarer motorsaga
  1. Det finnast ulike måtar å lære korleis du skal halde motorsaga ved like. Du kan spørje ein erfaren person som prosjektrettleiar, gå kurs og bruke ulike instrukskjelder (t.d. video, nettsider og bøker).
  2. Bruk det du har lært for å halde motorsaga ved like med jamne mellomrom.

Oppdraget er utvikla i samarbeid med Helene Bakke Oudenstad frå Skogkurs.