Slektsgransking er ein spennande måte å finne ut meir om familien sin på. I dag ligg det mykje informasjon om slekta di på nettet. Gamle kyrkjebøker og folketeljingar er skanna og digitalisert, og ein kan finna informasjon om forfedrane langt tilbake i tid.

Kanskje kan du laga eit tre som viser slekta di tilbake til 1800-talet? Kanskje kan du gå endå lenger tilbake? Kva yrke hadde tippoldefaren din? Var det nokon i slekta di som reiste til Amerika?

Eit slektstre kan lagast enten på papir eller data. Er det på data så er det enkelt å legga ved relevant informasjon eller notat til kvar person. Ei nyttig nettside her er myheritage.no. Prøv så å finne ut mest om den nære slekta di. Eit godt hjelpemiddel er å bruka eldre personar i slekta som framleis er i live, og derfor kan det kan vera lurt å ta ein telefon til ein bestefar eller ei bestemor og få all informasjonen dei har om foreldra og besteforeldra sine. Kjelder som framleis er i live, er den beste staden å starta!

Har du ikkje dette til hjelp, eller dersom dei står fast på personar, finst det mange digitale kjelder som ein kan bruka. Som nemnt har digitalarkivet skanna kyrkjebøker og folketeljingar ein kan byrja å leita i. Kanskje du kan ta ein tur til riksarkivet for å leita òg? Og ein må ikkje undervurdera utgitte bygdebøker. Dette gir gjerne god informasjon. Nettsidene til digitalarkivet, arkivverket og "Slekt og data" er òg til god hjelp – der finn du nyttig informasjon om slektsforsking, og får dessutan tilgang til skanna materiale.

Skriv ned så mykje som mogleg om kvar person i slekta, og ta med opplysningar som kan vera interessante, for eksempel:

  • Namn
  • Fødselsdato og fødestad
  • Bustad
  • Yrke
  • Levekår (korleis dei levde)
  • Dødsdato, dødsårsak og dato for når personen ble gravlagt
  • Annan interessant informasjon


Lukke til med arbeidet!


Utstyrsliste:

  • Skrivesaker eller evt. PC/nettbrett
  • Tilgang til gamle kyrkjebøker og folketeljingar (ofte tilgjengeleg på det lokale biblioteket ditt eller nettsida til biblioteket)
  • Tilgang til arkivmateriale (sjå vedlagde lenker)

 

Oppdraget er sett samman av to forslag sendt inn av Håkon og Malene.