I serien om skog og skogbruk kan du velje oppdrag om skog, skogplanting og skogsarbeid med motorsag. Serien er utvikla i samarbeid med Skogkurs. Dersom du søkjer på oppdrag tagga med «skogbruk», ser du alle oppdraga i denne serien.


I Noreg må alle som hogger skogen sørgje for at ny skog veks opp att. Skogen kjem ofte opp att av seg sjølv, om vi berre gjev han tid, men vi kan som regel ikkje vente på naturen. Skogplanting er ein fin sommarjobb for ungdom, både juniorar og seniorar.

Kan du tenke deg å ha skogplanting som sommarjobb eller ønskjer du å lære korleis ein planter skog, kan du gjennomføre kurset «Skogplanting – praktisk kurs om planting av skog». Der lærer du om:

  • Verktøy for å plante
  • Planteteknikkar
  • Finne gode planteplassar
  • Markarbeid
  • Kva som skal til for at ei plante skal vokse
  • Økonomi

Krav

Det er ingen nedre aldersgrense for dette kurset, men i Noreg må ein vera 13 år før ein kan ta arbeid. Er du under 15 år må du også ha samtykke av føresette for å arbeide. Vi anbefaler derfor at du er 13 år eller eldre når du går plantekurs.

Opplæring i skogplanting

Du kan gå kurs hjå ein godkjent opplæringsinstitusjon. Ein av dei er Aktivt Skogbruk. Dei har instruktørar lokalisert i alle fylker. Meir informasjon finn du på skogkurs.no.

Det kostar pengar å delta på kurset, men det finst ulike stipend eller legat der du kan søkje om støtte til kurs. Det er også mogleg å søke landbrukskontoret i kommunen om støtte. Bur du på ein landbrukseigedom med skog, er det også mogleg å dekkje utgiftene til kurs gjennom eigedomen sitt Skogfond.

Oppdraget er utvikla i samarbeid med Helene Bakke Oudenstad frå Skogkurs.