Utstyr:

  • 1 matskei
  • 3 vanlege glas
  • sukker
  • 3 ulike konditorfargar (t.d. raud, gul og blå)
  • vatn
  • 3 teskeier
  • 1 høgt glas

Framgongsmåte:

  1. Ha 4 matskeier sukker og 2-4 dråper blå konditorfarge i eit vanleg glas, 2 matskeier og 3-5 dråper gul farge i det andre glaset og 2-4 dråper raud farge og ingen sukker i det siste glaset.
  2. Ha 3 matskeier vatn i kvart glas (det er ca. 50 ml vatn per glas) og bruk teskeier for å røre alt saman til sukkeret er løyst. Det kan ta litt tid, men er lettare dersom vatnet er varmare.
  3. Skjenk den gule sukkerløysinga i det høge glaset. No skal me tilsetje dei andre fargane, men dette må skje forsiktig elles blir fargane blanda med ein gong!
  4. Skjenk 1 matskei av den blåe løysinga forsiktig og langsamt langs innsida av glaset og gjenta det til den blåe løysinga er overført. Gjer det same med den raude løysinga.

Nå har du ein regnboge i eit glas!

 

Ekstra eksperiment:

  1. Kva skjer viss du endrar rekkefølgje av fargane når du fyller glaset?
  2. Bruk skjenketeknikken for å lage ein eigen cocktail! Det er lov å eksperimentere med ulike fruktjuice, saft, brus og fargar!