Fjellbeitet har tradisjonelt sett vore svært viktig for det norske landbruket. Beitedyr, særleg sau og geit som beiter nær marka, har evne til å velje ut spesielle planter og plantedelar med høgt næringsinnhald så lenge utvalet av planter tillet dette. Det er truleg grasartene som vert mest beita. Men både halvgras og urter, lyng, buskar og tre vert og beita. Urtene er mest næringsrike, dernest kjem gras, så halvgras og siv, lauv, lyng og einer.

Kan du finne dei ulike beiteplantene som er vanlege på fjellbeitet? Sjå liste over dei vanlegaste beiteplantene du finn på fjellet under. Ta gjerne med deg ein fjellflora i lommeutgåve eller bruk nyttige apper som "Artsorakel" eller "Artsjakten" for å identifisere beiteplantene du finn. Registrer gjerne funna dine på artsobservasjoner.no for å hjelpe til med å kartleggje naturmangfaldet i Noreg.

Hvis du vil, kan du òg:

  • Snakke med folk som driv eller har drive seter. Kva slags planter meiner dei at dei ulike husdyra likar best? 
  • Kan du sjå skilnader i plantebestanden, der berre storfe har beita, der berre sau og geit har beita, der alle tre har beita og der ingen har beita? Kvifor beitar dei ulike dyra på ulike planter?
     

Her er nokre av dei vanlegaste beiteplantene du finn i fjellet:

  • Smyle har stor utbreiing og er den mest vanlege grasarta over skoggrensa. Den finst og i bjørkebeltet og i ei rekkje andre plantesamfunn. I snøfattige, tørre område på myr og høgt til fjells er det lite av den. Smyle er mykje beita sjølv om andre gras-arter har høgare næringsinnhald.
     
  • Sølvbunke er mindre utbreidd, men beitedyra likar den godt. Sølvbunke finst i ulike viersamfunn, urterike bjørkeskogar og til dels på myr og er eit av fjellgrasa med høgast næringsinnhald.
     
  • Engkvein er mest vanleg på setervollar, altså på område som er noko påverka av kultur. Dette er ei viktig beiteplante som krev god jord og ein god del vatn. Engkvein finst elles i viersamfunn og i blåbærrike samfunn.
     
  • Gulaks er meir vanleg enn engkvein, og er relativt godt likt sjølv om den ikkje er så næringsrik. Den finst på dei fleste stader, berre ikkje der det er for vått eller for tørt. Blåtopp er ei vanleg og viktig beiteplante i fjelltraktene på Sør‑ og Vestlandet.
     
  • Fjelltimotei, fjellkvein, geitsvingel og ulike rapp‑arter er og grasarter som har stor verdi som beiteplanter, men dei er ikkje så utbreidde som dei artene som er nemnde ovafor.
     
  • Av halvgras kan nemnast: Stivstorr, seterstorr, blankstorr, slåttestorr, rypestorr, slirestorr og hårfrytle.
     
  • Det finst og beiteplanter innafor slektene myrull og siv.
     
  • Av urter i fjelltraktene har setermjelt og vanleg marikåpe høg næringsverdi, medan t.d. fjellmarikåpe og gullris har lågare verdi. Likevel er gullris rekna for å vere ei viktig beiteplante.
     
  • Vanleg bjørk, dvergbjørk, rogn og nokre vierarter vert og beita.
     
  • Finnskjegg og krekling er planter som dyra sjeldan eller aldri et, så desse bør det ikkje vere for mange av på beitet.

 

Utstyrsliste:

  • Fjellflora i lommeutgåve
  • Ev. nyttige apper som hjelper til med å identifisere flora

 

Oppdraget baserer seg på prosjektheftet "På setra" som ble produsert av 4H Norge frem til 2019.