I denne serien skal du gjera ulike oppdrag som dreier seg om naturmøteplassen. På ein naturmøteplass vert det lagt til rette for at barn og unge skal få lære å bruke naturen og verte glad i den slik den er, heilt naturleg. Naturmøteplassane er lokale arenaer for lågterskel aktivitetar innan natur og miljø. Eller enklare sagt: friluftsfolket sitt svar på ballbingar. Dei er opne, tilgjengelege og familievenlege, og er ein fysisk møtestad ved sjøen, på fjellet, i skogen eller på opparbeidde friluftsområde i nærmiljøet. Nokre av naturmøteplassane er universelt tilrettelagt.

I dette oppdraget skal du laga eit skilt til naturmøteplassen.

Du treng:

  • Ei stor treplate
  • Sag
  • Målebånd
  • Treslipar
  • Blåpapir
  • Mal til tekst eller logo
  • Svipenn eller malingsutstyr
  • Annet valfritt dekor til skilta 
     

Fremgangsmåte:

  • Mål opp treplata du skal bruka og sag den til.
  • Slip treverket så det blir glatt og utan flis.
  • Legg blåpapir på treplata og tekn inn omrisset av teksten og/eller logoen som skal stå på skiltet.
  • Du kan svi, male eller dekorere skiltet slik du ønskjer. Vi har brukt svipenn både for å gjere omrisset tydelig og for å dekorere skiltet. Hugs: Ulike nåler gjer ulik strek.
  • Heng opp skiltet på naturmøteplassen.

Lykke til!