Oppdraget er del av serien om matlaging og passer godt med andre oppdrag i denne serien. Dersom du søker på oppdrag tagget med «mat», ser du alle oppdragene om matlaging.

Visste du at du kan lage is uten å bruke fryseren? Vi trenger bare salt, isbiter og ein iskremblanding.

Utstyr:

Kuldeblanding

  • 1 plastpose av minst 4 l 
  • ca. 1 l isbitar
  • ca. 1 dl vatn
  • 6 ss salt (grov salt verkar best, men vanleg bordsalt kan også brukast)
  • Handkle

Iskremblanding

  • 1 plastpose 1 l (gjerne pose med ziplokk)
  • 1,5 dl kremfløte
  • 1,5 dl helmelk
  • 0,5 dl sukker
  • 2 ts vaniljesukker

Saftisblanding

  • 1 plastpose 1 l (gjerne pose med ziplokk) 
  • 1 dl hushaldingssaft
  • 1 dl vatn

Framgangsmåte:

  1. Iskrem: Bland kremfløte, helmelk, sukker og vaniljesukker til sukker er løyst. Hell blandinga i den litle plastposen (1 l) og lukk posen skikkeleg. Saftisblanding: Bland saft og vatn i den litle posen for saftis.
  2. Fyll den store plastposen halv full med isbitar, vatn og salt.
  3. Legg den litle posen inni den stor posen med isbitane og lukk den store posen skikkeleg.
  4. Rist og bland innhaldet i den store posen for ca. 10-15 minuttar. Pass på at den litle posen ikkje opne seg! Gjerne bruk eit handkle rundt posen når posen blir fuktig eller kald.
  5. Ta ut den lite posen og sjekk om iskremen er frossen. Legg den tilbake, lukk den store posen igjen og rist litt lengre.
  6. Skyl den litle posen med kaldt vatn, opn posa og ha innhaldet i ei skål.

Tips

Ha inn andre ingrediensar i iskremblandinga før du fryser den i kuldeblandinga, som knust Nonstop, fruktbitar, hakka sjokolade, hakka nøtter, sjokoladesaus …. moglegheiter er uendeleg! Kva er din favoritt kombinasjon?

Oppdraget er inspirert av Ida.