I serien om skog og skogbruk kan du velje oppdrag om skog, skogplanting og skogsarbeid med motorsag. Serien er utvikla i samarbeid med Skogkurs. Dersom du søker på oppdrag tagga med «skogbruk», ser du alle oppdraga i denne serien.


Det er meir enn tusen år sidan folk lærte seg å produsere (brenne) tjære. Utan furutreet og kunnskap om tjærebrenning ville ikkje vikingane kunne ha bygd sine skip og reist ut. Tjærebrenning og bruk av tjære er også grunnen til at meir enn tusen år gamle trebygningar, slik som stavkyrkjene, er bevarte helt opp til i dag.

I tjæremila blir feit furuved og malm varma opp utan tilgang til luft.  Då vil mange av dei impregnerande stoff renne ut av veden, eller fordampe og blir kondensert med terpentin eller vatn. Vi får tjære (harpiks), tjærelåg (vatn og garvesyrer) og terpentin (løysingsmiddel for harpiks).

Den mest kjente eigenskapen til tjære er at den hindrar at vatnet treng inn i treet. Derfor kan vi sette inn båtar og hus med tjære for å auke haldbarheita. Tjære gjer treverket vasstett og det er særleg viktig på båtar. I dette oppdraga skal du lage ei mini tjæremile ute i eit område kor det er mogleg å finne malmfuru.

Utstyr

  • 2 blikkboksar
  • Ved
  • Tyri (daud furuved som inneheld mykje harpiks og terpentinstoff)
  • Hoggestabbe
  • Øks
  • Fyrstikker
  • Klype til å gripe boksen
  • Brannsikre hanskar

Framgangsmåte

  1. Fyll ein tom blikkboks med tyrifliser i storleik 1 cm x 1 cm, og med same lengd som boksen.
  2. Grav ein liten tom boks ned i bakken slik at den står kant i kant med overflata.
  3. Legg ei stålplate med hol i midten over boksen i bakken.
  4. Sett boksen med tyriflis med opninga ned,over i holet i plata.
  5. Tett rundt kanten av boksen med fin sand eller leirjord.
  6. Lag eit bål rundt boksen. La bålet brenne i 40 minuttar.
  7. Fjern bålrestane og snu boksen. Den inneheld nå berre trekol. I boksen som blei gravd ned finn du no tjære.

Oppdraget er utvikla i samarbeid med Helene Bakke Oudenstad frå Skogkurs.