I serien om skog og skogbruk kan du velje oppdrag om skog, skogplanting og skogsarbeid med motorsag. Serien er utvikla i samarbeid med Skogkurs. Dersom du søkjer på oppdrag tagga med «skogbruk», ser du alle oppdraga i denne serien.


Dei fleste forbind bruk av motorsag med skogsarbeid, men motorsag blir òg brukt i t.d. tekniske einingar i kommunar eller energiselskap. Mange av desse bedriftene tilbyr sommarjobb og då er det ein stor fordel for deg å beherske verktøyet. Feil bruk av motorsaga kan gje alvorleg skade, og er i verste fall livsfarleg.

Skal du bruke motorsag i samanheng med sommarjobb i landbruket eller bedrift, då må du kunne vise til Dokumentert sikkerheitsopplæring. Det betyr at du har gjennomført naudsynt teoretisk og praktisk opplæring med bevis. Det er to alternative måtar å få opplæring dersom du ikkje gå på VGS naturbruk.

  1. Gå eit kurs ved ein godkjent opplæringsinstitusjon. Kurset Dokumentert sikkerheitsopplæring handlar om å bruke motorsag på en trygg og effektiv måte.
  2. Få opplæring av ein person med lang erfaring med hogst, men da må du være helt sikker på at personen har tilegnet seg riktig kunnskap. Det er ofte vanskeleg å vurdere.

Ønskjer du å jobbe med motorsag i 4H, anbefaler vi at du går eit kurs i dokumentert sikkerheitsopplæring av motorsag ved ein godkjent opplæringsinstitusjon. Då vil du kvalifisere deg til å kunne ta jobbar med motorsag som arbeidsverktøy.

Krav

  1. Alle som vel dette oppdraget, må være fylt 15 år før kurset startar.
  2. I forkant av kurset bør du også sjå videoar om bruk av verneutstyr i skogen. Desse finn du under lenker.

Dokumentert opplæring i bruk av motorsag

Du kan gå kurs hjå ein godkjent opplæringsinstitusjon. Ein av dei er Aktivt Skogbruk. Dei har instruktørar lokalisert i alle fylker. Meir informasjon finn du på skogkurs.no.

Det kostar pengar å delta på kurset, men det finst ulike stipend eller legat der du kan søkje om støtte til kurs. Det er også mogleg å søke landbrukskontoret i kommunen om støtte. Bur du på ein landbrukseigedom med skog, er det også mogleg å dekke utgiftene til kurs gjennom eigedomen sitt Skogfond.

Oppdraget er utvikla i samarbeid med Helene Bakke Oudenstad frå Skogkurs.