Junioragentane er ein serie med oppdrag for deg som er junior og som ynskjer å skapa trivsel, samhald og spreie glede i klubben din. Og ikkje minst er junioragentane ute etter å passe på at alle i klubben er med og har det fint. Oppdraga som er knyta til det å vera Junioragent er laga slik at ein skal læra meir om og utfordra seg sjølv og andre. Difor kan det vera kjekkast om ein er 2 – 4 stykk i same klubb som har Junioragentane som prosjekt. 

Følgande oppdrag finnast i serien Junioragentane:

Junioragentane: Refleksjonsoppgåve (denne bør du gjere først)

Junioragentane: Hald ein leik

Junioragentane: Hald ein friluftsaktivitet 

Utfordringane nedanfor er for å utfordra deg sjølv til å gjer noko ein normalt ikkje gjer når ein er på klubbmøte eller 4H arrangement. Det er hyggjelege utfordringar som hjelper deg å sjå andr og korleis dei har det. Kanskje nokon av dei er noko du kan hugsa på å gjer kvar gong du er på klubbkveld eller 4H arrangement?

Framgangsmåte:

Ta med utfordringane nedanfor på ein klubbkveld, eller andre 4H arrangement, og kryss av ettersom du har gjort utfordringane.

  • Snakk med ein person som står åleine.
  • Gje ein lapp med fine ord til 3 personar.
  • Snakk med 2 personar du ikkje plar snakke så mykje med.
  • Få augekontakt og smil til ein person du sjeldan har snakka med.
  • Spør nokon du ikkje kjenner så godt om korleis dagen deira har vore.
  • Gje eit kompliment til 2 personar.
  • Spør nokon du kjenner godt korleis dei har det for tida.

Lykke til!