Junioragentane er ein serie med oppdrag for deg som er junior og som ynskjer å skapa trivsel, samhald og spreie glede i klubben din. Og ikkje minst er junioragentane ute etter å passe på at alle i klubben er med og har det fint. Oppdraga som er knyta til det å vera Junioragent er laga slik at ein skal læra meir om og utfordra seg sjølv og andre. Difor kan det vera kjekkast om ein er 2 – 4 stykk i same klubb som har Junioragentane som prosjekt. 

Følgande oppdrag finnast i serien Junioragentane:

Junioragentane: Hald ein leik

Junioragentane: Utfordringsliste

Junioragentane: Hald ein friluftsaktivitet 

I dette oppdraget skal ein svare på desse 3 refleksjonsspørsmåla i begynninga av prosjektet, helst heilt før ein har gjort nokon av dei andre oppdraga i serien. Så skal ein svare igjen på dei same spørsmåla i slutten av prosjektet, og samanlikna svara. Har noko endra seg, har du lært noko av å vera Junioragent?

Refleksjonsspørsmål:

  • Kva kjenneteiknar ein klubb med høg trivsel?
  • Kvifor er det viktig at alle er med?
  • Korleis kan du som Junioragent passe på at alle er med og at dei trivst i klubben?

Lykke til!