Ved å studere fuglar på eit fuglebrett eller rundt fuglemataren, kan du bli kjent med overvintrande fuglar i nærmiljøet og lære om fuglane sine næringsvanar. Du kan óg få innblikk i fuglane sin konkurranse om maten. Ikkje minst kan du hjelpe fuglar i nærmiljøet til å overleve, ved å fôra dei gjennom dei vanskelege vintermånadene.

Her er nokon av dei mest vanlige fuglane å sjå ved fuglebrettet:

  • Kjøttmeis
  • Blåmeis
  • Dompap
  • Gråspurv
  • Pilfink
  • Grønnfink
  • Flaggspett
  • Nøtteskrike

Ser du nokon av desse på fuglebrettet ditt? Medan du observerer fuglane, kan du prøve å svara på desse spørsmåla:

  1. Kor mange ulike typar fuglar ser du på fuglebrettet?
  2. Kva likskapar og forskjellar er det mellom fuglane?
  3. Kan du namnet på dei ulike fuglane? Viss ikkje, finn ut av namnet på fuglane du ikkje kjenn frå før av.
     

Har du nokre spørsmål om fuglane du ser? Då kan du enten lese meir om kvar fugleart på nettsidene til Norsk Ornitologisk Forening, eller så kan du stille spørsmåla dine til ein fugleekspert – ein ornitolog – på nettsida Fuglevennen.