Å binde fluger er eit handverk som du kan lære ved å gå på kurs hjå det lokale jeger- og fiskarlaget ditt. Opne lenkja frå Noregs jeger- og fiskarforbund og sjå om det vert halde flugebindekurs i nærområdet ditt framover. Kanskje kjenner du nokon som kan lære deg å binde fluger?

Å kjøpe fullt utstyr kan ofte koste ein del, så det er lurt å prøve litt fyrst for å sjå om dette er ein hobby som du vil halde fram med. Kanskje kan du låne ei bindestikke, litt bindeutstyr og få nokre fjører av nokon? Ein treng heller ikkje kjøpe dyrt bindeutstyr. Har du tilgang på gard og høner/hanar, vil du kunne sanke fjører i hønsegarden. Får du tak i fjør og hår frå jakt/fangst, er også dette ein fin måte å spare pengar til bindeutstyret på. NB: Unngå fjører frå sjeldne fugleartar. Desse fuglane er sjeldne av ein god grunn og treng heller vern og hjelp til å overleve.

Når du har bunda ferdig fluen din, kan du prøva deg på fluefiske. Det er ei heilt eiga meistringskjensle å få fisk på ei fluge som du har bunde sjølv. Du treng faktisk ikkje bruke ei dyr flugestong i fiskinga. Knyt fluga i ein god knute frå krokauget til gøtten (fiskesena). Bruk ein gøtt på omlag ein meter frå fluga til ein kastedubb (flytande fiskereiskap). Så kan du kaste fluga ut i vatnet eller elva med vanleg fiskestang og dubben festa til ein svivel.

Pass på auga og bruk solbriller. Ei lita fiskefluge er vanskeleg å sjå når den kjem i full fart i lufta. Ha kontroll på både bakgrunn og kasteretning når du kastar. Den skarpe kroken skal du verkeleg unngå å få i auga dine eller i andre sine auge. Fiske den matfisken som du treng.

Lukke til!