Vedtaket er eit direkte resultat av eit stort engasjement i organisasjonen rundt bruken av begge målformene, som har blusset opp i den siste tiden. Våre medlemmar er nynorskbrukarar og bokmålsbrukarar, og det bør visast att i det daglege arbeidet 4H Norge gjer.

Nynorsk er hovudmål for ein god del av våre medlemmar. 4H er mangfald og vi er oppteken av å inkludera alle, difor er det viktig å jobba målmedvitent og konkret for å auka bruken av nynorsk i 4H.

- Vi meiner det er viktig at begge målformene er godt representerte i organisasjonen, seier sentralstyremedlem Jens Håkon Birkeland.

Styremedlem Jens Håkon Birkeland

- Det er veldig kjekt at me endeleg får på plass eit språkkrav i organisasjonen. Dette er ei sak som har vore særs viktig for nynorskbrukarar i organisasjonen. Det at det språkmangfaldet me har i 4H blir gjenspegla også i sentrale organ, er viktig for at folk skal kjenna seg sett og inkludert, avslutta Jens Håkon Birkeland.

I 4H er det medlemmane som bestemmer

Vedtaket om auka bruk av nynorsk viser at medlemsdemokratiet fungerer. Sentralstyret sitt vedtak er eit direkte resultat av ein språkdebatt som har gått over tid, og som skapte eit stort engasjement på landsmøtet i haust, der landsmøtet fatta eit vedtak om at 4H Norge skal ha ei målsetjing om at begge målformer skal vera representert med minst 25 %.

Vidare vart det fatta ein fråsegn på 4H Sogn og Fjordane sitt fylkesårsmøte med tittelen: «Ærleg talt 4H Norge – kvar blei det av språkleg jamstilling.»

Basert på det store engasjementet i organisasjonen, vart saka løfta til sentralstyret, som er stolte over samfunnsengasjementet medlemmane viser.

- Dette er heilt i tråd med vårt formål om å utvikla ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske, seier styreleiar Siri Myhre, som no gleder seg over å nå ut til fleire med begge målformene.

Sentralstyreleiar Siri Myhre

- Det er viktig for oss å spegla den kulturelle og språklege breidda i samfunnet generelt, og medlemmene våre spesielt. Vi ser viktigheita av dette arbeidet, og oppfordrar samstundes andre organisasjonar til å fremma bruken av begge målformene i sine organisasjonar, seier ei stolt Siri Myhre.