Det er mange som synest 4H er ein kjekk fritidsaktivitet. Trygve er ein av dei. Han er 8 år og går i Fjordljos 4H-klubb i Sogndal kommune. I vinter hadde han eit filmteam på besøk. Dei var med då han og klubben var på overnattingstur. Dei skulle filma til serien "Eg går på" som handlar om alle morosame fritidsaktivitetar barn i Noreg kan vera med på.

- Det var kjempekjekt å verte filma, kult med store kamera, å visa fram 4H og bli intervjua, seier Trygve. Men han syntest det var veldig rart å sjå det etterpå. Han byrja på 4H fordi alle i bygda går der, og at det høyrdest kjekt ut med overnatting og aktivitetar.

Sjå programmet på NRK Super.

Gutter i hver sin sovepose liggende på gulvet. Smiler. Ler.

Alle foto: Oddmund Reisæter Haugen, NRK