• Stad: 

Samlinga skal ver på Vestheim Ungdomssenter frå 16.-18.januar 2026. Oppmøte frå kl. 18.00 og vi er ferdige ca 14.00 på søndag. Her er det overnatting i 2-3 manns rom og på hytter. Vestheim står for all matservering, dei tilbyr god mat tilberedt på staden. Vestheim er ein avhalds leirstad. 

  • Rom og pris: 

Dobbeltrom kr. 1700,- per person for heile helga(enkeltrom kr. 2200). 

Dersom det er helsemessige utfordringar som gjer det vanskeleg å dele rom, ta kontakt så finn vi ei løysning på det. 

Samlinga blir fakturert til klubben, dette fordi det sjølvsagt er klubben som skal betale for sine klubbrådgjevarar. Dette er ei lita påskjønning med tanke på alt arbeidet de legg ned gjennom året.  

  • Tema: 

Frå tradisjon til teknologi – ny inspirasjon for 4H-aktivitetar. Bli med på ei reise frå tradisjonelle 4H-leikar og aktivitetar til framtidsretta verktøy! Vi friskar opp gamle klassikarar som kan gi nytt liv til klubbarbeidet – og utforskar korleis kunstig intelligens (KI) kan hjelpe oss med å lage kreative og tilpassa aktivitetsopplegg. Her får du både nostalgi og ny inspirasjon! 

Klubbgnisten – nyskjerring fritid for alle. Dette handlar om å utvide fritids- og aktivitetstilbodet for barn og unge i Møre og Romsdal. For å styrke oppstarten av nye klubbar vil eksisterande klubbar få høve til å søkje om å vere fadderklubbar. Fylkesstyret vel ut to satsingsområde med tilhøyrande fadderklubbar, og desse får ei sentral rolle i oppfølginga av dei nye klubbane. Prosjektet skal dermed ikkje berre bidra til å starte opp nye fritidstilbod, men òg til læring, utvikling og motivasjon hos dei etablerte fadderklubbane.  

ABC-for god psykisk helse. Vi ynskjer å gi dei vaksne frivillige eit godt verktøy, for å styrke psykisk helse i sitt viktige arbeid i klubbane.  For att 4H skal bli enda meir inkluderande enn det alt er. 

Hurra – 4H fyller 90 år i 2026!! Vi markerer jubileumsåret med å feire røtene våre i landbruket. 2026 er landbruket år i 4H, vi håper å kunne inspirere alle klubbar til å gjennomføre minst ein slik aktivitet. 4H er ein gammal og god organisasjon, og skal feire sine 90 år, 29. August. 

Vi ventar framleis på svar om vi får innvilga midlar, og det kan derfor bli noko endring på tema. Har du innspel til noko du meiner vi bør ta opp – gi oss gjerne beskjed!" 

  • Påmelding: 

Påmeldingsfrist til samlinga er 15. desember. 

Påmeldinga er bindande. Dette betyr at dersom du må melde deg av arrangementet etter at påmeldingsfristen som er 15.12 må ein nytte eiga reiseforsikring til refusjon. Det er mogleg å «overføre» plassen til ein anna rådgjevar – i så fall må vi ha beskjed. 

Har du allergiar, behov for tilrettelegging eller er det andre høve arrangør bør vite om, ver venleg å noter dette ved påmelding i feltet for helseopplysningar eller fritekst.   

For å melde deg på Inspirasjonssamlinga må du finne fram medlemsnummeret ditt i 4H. Dersom du ikkje hugsar passordet må du klikke på «glemt passord». Nytt passord blir sendt til registrert e-postadresse i medlemsregisteret.  

Dersom du er nyvalt klubbrådgjevar, må du registrere deg/melde deg inn i 4H. Ta kontakt med kontoret eller send e-post til kontingent@4h.no. Oppgje personalia og kva klubb/fylke du er valt inn i. Tilbake får du eit medlemsnummer og kan melde deg på samlinga.  

  • Program (endringar kan førekomme): 

Fredag :

18:00 Ankomst og innkvartering  
19:00 Middag 
20:00 Velkommen  

  • 90 årsjubileum  

20:30 Sosialt samvær 

Laurdag:  

08:30 Frukost  
09:30 – 11:30 Vi lærer oss å leike 

  • Korleis skape glede og fellesskap gjennom leik og rørsle 

11:45 ABC – for psykisk helse 
12:30 Lunsj 

14.00 Korleis nytte kunstig intelligens til å lage spennande aktivitetar 

  • Prøve ut eit konsept laga med KI 

  • Lære om korleis ein gjer dette 

18.00 Fri 

20:00 Middag  
21:30 Sosialt samvær 

Søndag: 

09:00 Frukost  

10.00 Info frå fylket  

  • Landbrukets år 

10:30 Klubb gnisten 

11:15 Pause – utsjekk  

11:30 ABC – for psykisk helse - gruppearbeid 
12.20 Spørjetimen  

12:40 Evaluering  
13:00 Lunsj   
14:00 Vel heim