- Pris: Kr 1200,-
- Arrangør: 4H Møre og Romsdal saman med Villmarksgjengen 4H
- Stranda
- (heldags)

4H Møre og Romsdal og Villmarksgjengen 4H er glade for å kunne invitere til storkurs på Stranda ungdomsskule i Stranda kommune.
På denne sida kan du lese meir om:
#Førebels program (oppdatert 4. juli 2025)
Spørsmål og svar om storkurs:
Kva er storkurs?
Storkurset er ei samling av mange artige, spennande og lærerike kurs, og ein stad for å ver sosial.
Kva er aldersgrensa?
Storkurset er for alle 4H-medlemmer som fyller 12 år eller meir i løpet av 2025.
Kvar skal vi vere?
Storkurset skal vere på Stranda. Nokre av kursa skal vere på skulen, andre vert gjennomførte av aktørar eller instruktørar i nærmiljøet.
Kvar skal vi overnatte?
Vi skal overnatte i klasserom på Stranda ungdomskule. Det betyr at alle må ha med sovepose og liggjeunderlag. Sidan vi skal sove mange på same rom betyr det at vi må ta omsyn til kvarandre med tanke på plass og søvn.
Får vi mat?
Dugnadsgjengen lagar og serverar god mat på skulen. Dei faste måltida er med i prisen på kurset. Dersom du ikkje toler spesielle matvarer, må du melde frå om dette i påmeldingsskjemaet for kurset. Menyen blir publisert her når den er klar.
Det vil være kiosk på arrangementet. Her vil det være mogleg å betala med kontant og vipps.
Må vi ha med vaksne?
Storkurset er eit stort arrangement med mange deltakarar. For å sikre god kontakt mellom deltakarane og dei kursansvarlege må det vere med ein vaksen leiar pr 10 deltakarar. Vi oppfordrar klubbane til å samarbeide om vaksenleiarar. Klubbrådgjevarar kan følge med på kven som er påmeldt frå eigen klubb via "Min klubb".
Kor mange kurs kan eg delta på?
Sjølv om det er fleire kurs ein kunne tenkt seg å delta på, er det diverre berre eit kurs du kan melde seg på. På Storkurs er det førstemann til mølla-prinsippet som gjeld. Ser du ikkje kurset i påmeldingsskjemaet, betyr det at kurset er fullt.
Årets kurstilbod:
kursnr. | Kurstittel | Om kurset | Tal deltakarar | Ekstra avgift i tillegg til deltakaravgifta |
---|---|---|---|---|
1 | Trailrunning til Lievarden og Saltkjelen | Turen tillpassar seg gruppa sin fysiske kapasitet og gjennomførast av lokalkjent fra Villmarksgjengen 4H. Aktiviteten prøver seg på ein “trail” til Liavarden (521 høydemeter- 5,3km). På toppen kan ein nyte den uslåelige utsikta over Sunnylvsfjorden. Om gruppa ønsker tek dei turen innom Saltkjelen (ca 200 høydemeter 2 km totalt) der det er mogleg med eit bad i fjorden. | maks 6 | 0 |
2 | Rawfood | Kurset gjev ein intro til Raw Food, med matlaging på undervisningskjøkken i Villa Rustic. Gruppa haustar og lagar mat av det dei finn i permakultur parken. Under aktiviteten lærer ein også å presentere mat med fortellerkunst. Dette får ein testa ut i praksis når aktivitetane frisbee-/fotballgolf og golf inviterast til bords inne i det historiske kulturminnet Strandastova fra 1850. | maks 6 | Usikkert endå, meir info kjem |
3 | Golf | Aktiviteten gir en introduksjon til Golf på drivingrangen i Strandadalen. Gruppa får undervisning og veiledning frå profesjonell golfer i teknikk, korleis treffe ballen og ulike slag. Det vert og moglegheit til å spele golf på nokre av hola. | maks 10 | Usikkert endå, meir info kjem |
4 | Fotballgolf og Frisbeegolf | Er du allerede bitt av frisbee- eller fotballgolf basillen? Eller vil du forsøke det for første gang? Da er dette aktiviteten for deg. Under aktiviteten konkurreres det mot hverandre i lagkonkurranse og individuelt for å kåre den ultimate meister. Færrast forsøk for å få ballen/discen til målet vinner. | maks 20 | 0 |
5 | Kameleonen | Stranda har sin heilt eigne lille koselige dyrehage! Hjå Kameleonen får du oppleve nærkontakt med alt frå kanin til reptiler. Alle dyra er omplasserte frå private heimar. Aktiviteten foregår innandørs. | maks 15 | 0 |
6 | Paintball | Har du lyst på action under storkurset er paintball aktiviteten for deg. Aktiviteten vil foregå utandørs i Strandadalen der du vil bli utstyrt med det du treng for å komme deg heilskinna gjennom kampen. Er du klar til å eliminere motstandarane med malingskuler? | maks 24 | 200-400 kr i eigenandel. Ekstra kuler kan kjøpast frå arrangør til 170 kr. |
7 | Art verksted med recycling art | Recycling art tek utgangspunkt i verdilaust materiale i f.eks metall, tre, plast eller papp. Gjennom bearbeiing av desse materiala gjev ein ny verdi til gjenstander gjennom å skape kunst, kreative uttrykk og nye bruksområde. | maks 10 | 0 |
8 | Sølmongården | Sølmongården ligger idyllisk plassert i enden av Sykkylvsfjorden omringa av høge fjell. Her drives eit lite gardsbruk med både produksjonsdyr og en del smådyr. Gården er godkjent Inn på tunet tilbyder så gjennom og er vant til å ta i mot gjester og bruke garden som en alternativ læringsarena. | maks 20 | 0 |
9 | Kano på fjellsetra | Saman med instruktør fra Villmarksgjengen 4H låner vi kanoar og redningsvestar frå Orreneset leirstad på Fjellsætra. Padlinga vil foregå i naturskjønne omgivelsar på Nysætervatnet. | maks 20 | 0 |
10 | Volleyball Innendørs | På kurset vil du få trene på ulike slagteknikkar innan volleyball, til dømes fingerslag, serve, smash og baggerslag. Det vil også verte lagt opp til kamptrening der deltakarane vil få spele | maks 24 | 0 |
Lurt å ta med:
- Sovepose og liggjeunderlag
- Toalettsaker
- Nødvendige medisinar
- Klær for heile helga
- Innesko
- Drikkeflaske og matboks
- Liten sekk
- Lommepengar
- Sko og kle til fellestur
Kursreglar
Når vi er mange saman i fleire dagar må vi ha nokre reglar å rette oss etter, slik at alle kan ha det så bra som mogleg.
- Ver ein god kamerat og vis alltid omsyn til andre.
- Det er ikkje lov å forlate kursstaden utan løyve frå vaksenleiar.
- Etter at det skal vere ro på sovesalane er det berre lov å opphalde seg på tilvist stad.
- Ver presis til kursøktene og hald orden i tinga dine. Andre sine ting let vi liggje i fred. Det gjeld sjølvsagt også skulen sine ting.
- All bruk av rusmiddel er sjølvsagt forbode, og vil medføre heimsending på eiga rekning.
Påmelding og pris
Påmeldinga opnar: 11. August.
Påmeldinga stenger: 14. september.
På ein del kurs er det avgrensa plassar. Når desse kursa er fullbooka, vil dei ikkje vere synlege i påmeldingsskjemaet. Påmelding gjer du på ved å klikke på den grøne knappen på høgre side.
Hugs at påmeldinga er personleg og bindande. Dette betyr at dersom du melder deg av etter 14. september, vil du ikkje få refundert deltakaravgifta. Det er heller ikkje mogleg å gje plassen til andre.
Seinast 19. september vil vi sende ut meir informasjon på e-post til deg som er påmeldt.
Storkurset kostar:
Vanleg deltakar kr 1200,-
Vaksne kr. 700,-
Deltakarstøtte
4H ønsker ikkje at økonomi skal vere til hinder for å delta på våre aktivitetar. Om økonomien er ei utfordring oppfordrast det til å søkje om deltakarstøtte til å få dekka deltakaravgifta. Diverre er deltakarstøtta frå 4H Norge oppbrukt, men mange kommunar har og tilsvarande ordningar for å utjamne økonomisk ulikheit. Sjekk ut kva som finns der du bur!
Førebels program (oppdatert 4. juli 2025):
tid | program |
---|---|
1800 | Frammøte og innkvartering |
1900 | Offisiell opning av storkurset |
1915-2015 | Middag |
2015-2100 | Bli kjent |
2100-2130 | Vaksenleiarsamling |
2100-2400 | Leik og moro utan eit organisert opplegg |
2400 | Ro |
tid | program |
---|---|
0900 | Felles vekking |
0930-1030 | Frukost |
1030-1230 | Kurs |
1230-1330 | Lunsj- husk niste |
1330-1600 | Kurs |
1700-1800 | Middag |
2000 | Underhaldning, leikar, konkurransar og sosialt |
2100-2130 | Kveldsmat |
2130-0100 | Leik og moro utan eit organisert opplegg |
0100 | Ro |
Tid | program |
---|---|
0900 | Felles vekking |
0930-1030 | Frukost |
1030-1100 | Rydding og pakking |
1100-1400 | Felles tur |
1230-1330 | Lunsj og heim |