I år startar vi opp att prosjektet triveselsagent! Det er vere trivselsagent er kjempe kjekt, lærerikt, sosialt og gir god erfaring.

Prosjektet består av to samlingar arrangert av trivselsagentkoordinatorane i fylket. Første samling vært gjennomført 24. til 26. februar på Helgatun Kapell i Volda kommune (nær Volda skisenter) Det er avgrensa med plassar så her er det førstemann til mølla!

Påmeldingsfrist 12. februar.

 

I denne saka finn du: 

 

Kva er ein trivselsagent? Og kva gjer ein trivselsagent? Trivselsagent som prosjekt  

Ein trivselsagent sin hovudoppgåve er å spreie trivsel i klubbane sine og også i fylket. Trivsel er eit stort omgrep, men det kan kort definerast som noko som gjer ein glad eller lukkeleg. Trivselsagentane skal med andre ord vere ein faktor i det at 4H- medlema har det kjekt på klubbaktivitet, storkurs, SAS-en, fylkesleir og alt anna kjekt 4H-fylket finn på i løpet av året.

Dei medlemmane som blir med og vel trivselsagent som prosjekt vil få eit ansvar på seg ved prosjektvalet. Trivselsagenten skal vere eit mellomledd mellom 4H-medlem og fylkesstyret. For 4H-medlemma vil trivselsagenten vere ein person dei ser opp til, skal kunne stole på og har tillit til. Agenten må derfor på samlingane få lære litt om det å vere rollemodell, å ha ansvar og kva ein skal gjere dersom noko skjer og medlemmane kjem til agenten for hjelp. For fylkesstyret vil trivselsagenten vere ein ressurs ein kan bruke, og ei hjelpande hand på fylkesarrangement. Som ein del av krava til prosjektet skal agentane hjelpe til under fylkesarrangement. Her kan dei til dømes ha bli-kjent-aktivitetane, temakveld/underhaldning på kveldstid eller hjelpe til med meir praktiske gjeremål.

Det er i alt fem krav ved prosjektet, blant anna synleggjering, deltaking på minst ei trivselsagentsamling, gjennomføring av trivselstiltak i klubb og i bygda si og deltaking på minst eit fylkesarrangement. Alle desse krava vil bli gjennomgått på sjølve kurset, i tillegg til at det under samlinga blir mykje sosialt, god mat, sprell og bittelitt rangling. Hørest dette ut som noko for deg? Då må du halde av helga 24.-26. februar!

Kvar skal vi vere? 

Vi skal tilbringe helga på Helgatun sportskapell i Volda, ca 7 min frå sentrum.  

Kjem du med buss, og trengst å bli henta ved Volda rutebilstasjon så gi beskjed, så kjem vi å hentar deg der. Vi køyre og tilbake søndag.  

Vegbeskrivlse  

Kjem du køyrande på E39 frå Ørsta eller frå Hornindal tek du av i rundkøyringa (henholdsvis rett fram eller til høgre) inn på FV45(Vikebygdvegen) mot “Vikebygda”. Følg vegen (mot skisenteret) i 4,5km/4min, sving av mot venste opp til, vi vil markere avkøyrsla med refleksvest og ballonger. Passerar du skilt mot Volda skisenter (og ein stor parkeringsplass på nedsida av vegen) har du kjaurt litt forlangt, snu og ta fyste til høgre etter vegen opp til skisenteret, ca 150 meter.  

 

Lokalet

På kvart soverom er der 4 køysenger, de treng sovepose og pute. Det vil bli 3-4 stk på kvart rom.  
Der er tilgang på dusj.  

Påmelding og pris 

Pris: 400kr 

Påmeldingsfrist: 12. februar 

Påmeldinga er bindande. Dette betyr at dersom du må melde deg av arrangementet etter at påmeldingsfristen er over (12. februar), må deltakaravgifta likevel betalast. Unntaket er dersom du blir sjuk og kan vise til attest frå legen. Dersom dette skulle skje, må du snarast sende epost til: moreogromsdal@4h.no 

For å melde deg på til trivselsagentsamling må du finne fram medlemsnummeret ditt i 4H. Dersom du ikkje hugsar passordet må du klikke på «glemt passord». Nytt passord blir sendt til registrert e-postadresse i medlemsregistret.  
Klikk på linken for rettleiing for innlogging i medlemsregistret 

 

Program 

Fredag 24. februar  
18:00 – oppmøte  
19:00 – bli kjent del 1 
19:30 – kveldsmat (varmmat) 
20:30 – bli kjent del 2  
21:30 – fri aktivitet, sosialt (brettspel <3 )   
23:00 – roa i hytta 

Laurdag 25. Februar 

07:30 – vekking   
08:00 – frukost  
09:00 – kurs  
09:00 – 10:00 kva er ein trivselsagent og krav til prosjektet 
10:00 – 11:00 lag ein leik  
11:30 – vi går ut  
12:00 – mat på bål ute   
14:00 – Inn igjen, skifte kle osv   
14:30 – case på synleggjering  
16:00 – tid til utskeiing, frukt  
17:00 – vi lagar taco saman  
18:00 – middag <3  
19:00 – vi ryddar i lag  
20:00 – Quiz 
22:00 – sosialt à 
24:00 – ro  

Søndag 26. februar 

08:00 – vekking  
08:30 – frukost  
09:00 – planlegge trivselstiltak i eigen klubb/nærmiljø  
10:00 – pakking og rydding  
11:00 – lunsj og avreise 

Pakkeliste 

  • Sovepose (og pute)  

  • Toalettsaker  

  • Eventuelt handduk  

  • Innesko og varme sokkar  

  • Noko og skrive på og med  

  • Kle til å vere ute laurdag midt på dagen  

  • Nok kle for heile helga  

  • Det du ynskjer av snacks for helga (Ikkje lov med energidrikk) 

  • Har du eit kjekt spel, ta det gjerne med  

  • Godt humør!  

 

Har du spørsmål om prosjektet?

Ta kontakt med trivselsagentkoordinatorane: