Eiriklia i Hustadvika

Blakstad gard i Sykkylven

Her kjem det meir info om aktivitetar og klokkeslett.

 

 

Om 4H klubben vil feire lokalt:

4H-klubbane kan inviterer alle til å vere med på feiring med blomar, grønsaker, urter og mange aktivitetar.

Klubbane kan lage festmat av eigne råvarer, pynte med blomar dei har dyrka sjølve, arrangere natursti, lage bursdagskort eller invitere bygda til ei hyggeleg markering. Dette er ei flott anledning til å vise fram kva 4H er – fellesskap, skaparglede og praktisk læring i praksis.

Vi oppmodar alle klubbar til å vere med, og til å bruke dagen til å invitere nye barn og unge som er nysgjerrige på 4H. Kanskje blir bursdagen starten på eit heilt nytt medlemskap?

Gjennom ei felles bursdagsfeiring viser vi kva vi får til saman – og feirar fellesskap, engasjement og 90 fantastiske år med 4H.

4H Noreg markerer dagen på Hellerud gard, i samarbeid med Norges Vel. Norges Vel var med og starta 4H i Noreg, og har vore ein viktig støttespelar sidan oppstarten. Begge arbeider for levande lokalsamfunn, berekraft og å gi barn og unge moglegheiter til å lære og skape gjennom praktiske aktivitetar.