- Arrangør:
- Åfarnes skule
- (heldags)

Sett av helga, her blir det styrevervskurs, plakettfest og fylkesårsmøte!
Innhald:
Kva er Superhelga?
Kvar er Superhelga?
Program
Kva kurs kan du velje?
Praktisk informasjon
Påmelding
Spørsmål?
Kva er Superhelga?
Superhelga er ei opplæringshelg for klubbane i 4H Møre og Romsdal. I løpet av denne helga vert det halde kurs i alle styreverva, friluftsheltar, trivselsagentar og vaksne. Les vidare for skildring av dei ulike kursa.
I tillegg til opplæring vert det denne helga gjennomført plakettfest og årsmøte:
Plakettfest: Laurdag 8. februar vil plakettfesten gå av staben på Strandheim forsamlingshus. På plakettfesten feirar vi alle som har gjennomført 4H-løpet og mottok plakettnåla på haustfesten i år. Vi ønsker dei hjarteleg velkomen som alumnar i MORAL (Møre og Romsdal Alumnlag). Det vil bli festmiddag, talar og sjølvsagt plakettutdeling. Her vil også årets klubb bli kåra.
Årsmøte: søndag 9. februar gjennomfører 4H Møre og Romsdal sitt årsmøte. Dette er fylkets viktigaste møte der alle medlemmane har moglegheit til å påverke kva 4H Møre og Romsdal skal drive med dei neste åra: kva aktivitetar skal vi ha? Kva skal vi bruke pengar på? Kven skal sitte i fylkesstyret? Dette er spørsmål du som medlem kan være med å påverke og svare på gjennom å delta på årsmøtet. Om ein ikkje skal delta på heile helga er det mogleg å melde seg på til berre årsmøtet via Min Side.
Her finn du sakspapira til Årsmøte 9.februar
Kvar er Superhelga?
I 2025 vert superhelga gjennomført 7.-9. februar på Åfarnes skule, i Rauma kommune. Arrangementet er eit samarbeid mellom den lokale klubbane Liljen 4H og 4H Møre og Romsdal.
Program
Fredag:
18:00 - Innkvartering og mat
19:20 - Informasjon i kantina
19:30 - Kurs
21:30 - Bli kjent
23:00 - Stille for alle
Laurdag:
07:30 - Vekking og frukost
08:30 - Styrevervskurs
11:45 - Lunsj
12:30 - Kursa held fram
14:30 - Kursa vert avslutta, vi byttar til plakettfest
15:00 - Avreise Strandheim
15:30 - Plakettfest start
18:00 - Retur til skulen
20:00 - Felles aktivitet
21:00 - Kveldsmat
23:00 - Sengetid for dei minste
00:00 - Stille for alle
Søndag:
08:00 - Vekking
08:15 - Frukost
08:45 - Pakking og rydding
09:30 - Forflytning til Strandheim
10:00 - Årsmøtet opnast
12:00 - Pause og lunsj
12:30 - Møtet fortsett
15:00 - Møte slutt. Vel heim!
Kva kurs kan du velje?
I løpet av denne helga får styremedlem i klubbane opplæring i styrevervet sitt av instruktørar utdanna på nasjonalt kurs av 4H Norge. Er du usikker på kva kurs du skal velje sjå under:
Leiar/nestleiar: Er du nyvalt leiar i klubben eller har du vore leiar tidlegare? På dette kurset får du ein gjennomgang av kva som er leiarens og nestleiarens rolle og ansvar i klubben og ulike måtar å vere ein god leiar på. Kurset går også gjennom ulike former for kommunikasjon og eigenskapar som kjenneteiknar ein god leiar. Dei som er meir erfarne skal få prøve seg på case-arbeid.
Sekretær: Sekretærkurset fokusera på sekretærens oppgåver gjennom 4H året. På kurset får du innføring i korleis føre møtereferat og protokoll for styremøter, kva som er sekretærens sine oppgåver og kva sekretæren skal gjere saman med resten av klubbstyret.
Kasserar: Kasserarkurset er tiltenkt klubbanes kasserarar. På kurset vil ein få ei innføring og praktisk trening på kasserars oppgåver i klubben, med fokus på korleis sette opp eit budsjett, bilagsføring, føring av rekneskap på papir og elektronisk og avslutning av rekneskapen før årsmøtet i klubben.
Styremedlem: Klubbens styremedlem skal kunne fungere som vikar for dei andre verva i styret. På styremedlemskurset vert det derfor gitt ein enkel innføring i oppgåvene til alle verva i styret. Det vert også gitt inspirasjon til andre roller eit styremedlem kan ha i klubben f.eks. leikeansvarleg, aspirantleiar.
Friluftshelt: Er du glad i friluftsliv og ønsker å være ein ressursperson for klubben din ved gjennomføring av friluftslivsaktivitetar? Friluftshelt-kurset gjev deg ein enkel innføring i friluftsliv. Tema som vert gjennomgått er allemannsretten, sporlaus ferdsel, kart og kompass, etablering av rasteplass, båltenning og mat på bål. På dette kurset får du gjere leikar og aktivitetar du kan ta med tilbake til klubben. Aldersgrense er 14 år, men du kan melde deg på det året du fyller 14 år.
Trivselsagent: Har du lyst til å bidra til å skape trivsel i fylket? Tykkjer du er kjekt å starte felles leik på leir, eller har du lyst til å bli endå betre på å skape god stemning i klubben? Då burde du bli trivselsagent!
Trivselsagentkurset er første del av trivselsagentprosjektet. For å delta på kurset må du velje trivselsagent som 4H-prosjekt dette året. Alder 14-16 år, her kan man melde seg på året man fyller 14 år.
Vaksen/rådgjevar: Skal du vere med som vaksen på superhelga? Bli med her da vel! Her går vi gjennom medlemsregisteret, min side på 4H.no og prosjektplattforma. I tillegg blir det litt teambuildingsøvelsar og erfaringsutveksling, der det blir lagt opp til samtale rundt aktuelle problemstillingar i klubbane.
Har du lyst til å lære meir om det å sitte i eit styre eller er du heilt ny i klubbstyret og treng ei innføring i vervet ditt? Meld deg på!
Praktisk informasjon
Vi overnattar på flatseng, og får servert all mat. Matallergiar melder du frå om i helseopplysningane ved påmelding. Har du andre behov for tilrettelegging kan det og skrivast der (dette er personopplysning og blir sletta etter arrangementet)
Kvar klubb må ha med ein vaksen leiar, evt kan de avtale med naboklubben om felles leiar. Då må vi få beskjed om kven som samarbeider. Leiar har ansvar for sine deltakarar.
På natta har vi våken nattevakt.
Det kjem meir informasjon om Superhelga løypande, så hold auge og øyre opne!
Påmelding
Påmeldinga opnar 16 desember.
Pris for deltakar 1200,-
Påmeldinga er bindande.
Når du melder deg på er det fint om du legg inn 4H-klubben din som "annen betaler"
Spørsmål?
Har du spørsmål rundt arrangementet eller påmelding ta kontakt med:
Arrangementsleiar:
Ann Iren Lislien
tlf: 905 77 551
e-post: Anniren.lislien@hotmail.com
4H-kontoret:
Amalie Vie Jakobsgaard
tlf: 960 96 782
e-mail: amalie.jakobsgaard@4h.no