Velkomen til storkurs!
18. - 20.  september er det klart for storkurs i fylket!

4H Møre og Romsdal og Grimstadhøgda 4H er glade for å kunne invitere til storkurs i Straumsnes Tingvoll kommune. Adresse: Straumsnesvegen 351

 

(Oppdateringar vil kome)

Spørsmål og svar om storkurs:
Kva er storkurs?

Storkurset er ei samling av mange artige, spennande og lærerike kurs, og ein stad for å ver sosial.
 

Kva er aldersgrensa?

Storkurset er for alle 4H-medlemmer som fyller 12 år, eller meir i løpet av 2026.
 

Kvar skal vi vere?

Storkurset skal vere i Straumsnes i Tingvoll kommune. Nokre av kursa skal vere på skulen, andre vert gjennomførte av aktørar eller instruktørar i nærmiljøet.
 

Kvar skal vi overnatte?

Vi skal overnatte i klasserom på skulen. Det betyr at alle må ha med sovepose og liggjeunderlag. Sidan vi skal sove mange på same rom betyr det at vi må ta omsyn til kvarandre med tanke på plass og søvn.
 

Får vi mat?

Dugnadsgjengen lagar og serverar god mat på skulen. Dei faste måltida er med i prisen på kurset. Dersom du ikkje toler spesielle matvarer, må du melde frå om dette ved påmelding. Menyen publiserast når denne er klar.

Det vil være kiosk på arrangementet. Her vil det være mogleg å betala med kontant og vipps.
 

Må vi ha med vaksne?

Storkurset er eit stort arrangement med mange deltakarar. For å sikre god kontakt mellom deltakarane og dei kursansvarlege må det vere med ein vaksen leiar pr 10 deltakarar. Klubbar oppfordrast til å samarbeide om vaksenleiarar.

Kor mange kurs kan eg delta på?

Sjølv om det er fleire kurs ein kunne tenkt seg å delta på, er det diverre berre eitt kurs du kan melde seg på. På Storkurs er det førstemann til mølla prinsippet som gjeld. Ser du ikkje kurset under påmelding, betyr det at kurset er fullt.
 

Årets kurstilbod: 

(Oppdateringar kjem)
Klatring i klatrehall 

Volleyball 

Skyting innandørs

Kajakk

Fjelltur

Spikking og trearbeid 

Nålefilting

Kurs med Røde kors

(Fridykking)

(Matverkstad) 

(Golf) 

(Keramikk) 

(Dans) 
 

Lurt å ta med:

- Sovepose og liggjeunderlag

- Toalettsaker

- Nødvendige medisinar

- Klær for heile helga

- Innesko

- Drikkeflaske og matboks

- Liten sekk

- Lommepengar

- Eventuelle kle / utstyr til kurset ditt

- Sko og kle til utendørsaktivitet på søndagen
 

Kursreglar

  1. Når vi er mange saman i fleire dagar må vi ha nokre reglar å rette oss etter, slik at alle kan ha det så bra som mogleg.
  2.  Ver ein god kamerat og vis alltid omsyn til andre.  
  3. Det er ikkje lov å forlate kursstaden utan løyve frå vaksenleiar. Husk også å gi beskjed til arrangør.
  4. Etter at det skal vere ro på sovesalane er det berre lov å opphalde seg på tilvist stad.
  5. Les program og branninstruks, og ver presis til kursøktene.
  6. Hald orden i tinga dine. Andre sine ting let vi liggje i fred. Det gjeld sjølvsagt også skulen sine ting.
  7. All bruk av rusmiddel er sjølvsagt forbode, og vil medføre heimsending på eiga rekning. Energidrikk er heller ikkje lov på 4H sine arrangement.

Påmelding og pris

Deltakar:
Påmeldinga opnar: Torsdag 20. August 2026
Påmeldingsfrist / avmeldingsfrist: Tysdag 8. september.
Pris: Kr 1200,-


Vaksenleiar / ledsager:
Påmeldinga opnar: Torsdag 20. August 2026
Påmeldingsfrist / avmeldingsfrist: Torsdag 10. september.
Pris: Vaksne / ledsager kr 700,-


NB! Vaksenleiarar, ledsagarar og arrangørar melder seg på her:
Påmelding vaksenleiar/ledsager/arrangør


Hugs at påmeldinga er personleg og bindande. Dette betyr at dersom du melder deg av etter avmeldingsfristen, vil du ikkje få refundert deltakaravgifta. Det er heller ikkje mogleg å gje plassen til andre. Må du melde fråvær grunna sjukdom så kan du bruke eiga forsikring.

Deltakarstøtte

4H ønsker ikkje at økonomi skal vere til hinder for å delta på våre aktivitetar. Om økonomien er ei utfordring oppfordrast det til å søkje om deltakarstøtte til å få dekka deltakaravgifta.

Info om deltakerstøtte finn du her: Deltagerstøtte - 4h

Tilretteleggingsfond

Info om tilretteleggingsfond finn du her: Tilretteleggingsfondet - 4h
 

Førebels program:

Fredag 18. september

18.00

Frammøte og innkvartering

19.00

Offisiell opning av storkurset

20.15 – 20.15

Middag

20.15 – 21.00

Bli kjent

21.00 – 21.30

Vaksenleiarsamling

21.00 – 24.00

Leik og moro utan eit organisert opplegg

24.00

Ro


Laurdag 19. september

09.00

Felles vekking

09.30 – 10.30

Frukost

10.30 – 16.00

Kurs. Medbrakt lunsj når det passer.

17.00

Middag

20.00

Fellesbilde, underhaldning, leikar, konkurranse og sosialt

21.00 – 21.30

Kveldsmat

21.30 – 01.00

Leik og moro utan eit organisert opplegg

01.00

Ro


Søndag 20. september

09.00

Felles vekking

09.30 – 10.30

Frukost

10.30 – 11.00

Rydding og pakking

11.00 – 13.00

Felles lagstafett med «mestrenes mester-oppgåver»

13.00 – 13.30

Lunsj og vel heim


Spons

Vi sett stor pris på sponsing frå Miljødirektoratet og Bygdeliv. Tusen takk!