- Pris: Kr 900,-
- Arrangør: 4H Møre og Romsdal i samarbeid med Klurtolla 4H
- Kleive oppvekstsenter, Molde
- (heldags)

22. - 24. September brakar det laust på Kleive i Molde kommune. Klurtolla 4H inviterar til Storkurs.Måndag 7. opnar påmeldinga!
- Kort om storkurs og aktivitetar
- Stad
- Program
- Praktisk informasjon og påmelding
- Deltakarstøtte
- Pakkeliste (vedlegg) (PDF, 320KB)
- Spørsmål?
Om storkurs
Storkurs er ei kjempekjekk helg som kan minne litt om ein minileir. Den største forskjellen er at vi denne helga søv inne på skule. Alle deltakarar skal velje eitt kurs eller aktivitet som vert gjennomført på laurdagen. Nokon aktivitetar har plassbegrensingar, og her gjeld førstemann til mølla prinsippet ved påmelding. På kveldstid vert det sosialt og moro i kjend 4H-stil. Kanskje har arrangørklubben også nokre sosiale fellesaktivitetar på lur.
Aktivitetane du kan velje mellom på årets storkurs er:
Om kurset | Eigenandel | |
---|---|---|
1. Kajakk | På dette kurset får ein prøve padling på vakre Fannefjorden. Instruktør Frode Nakken kjem og skal lære bort padleteknikk og gje deg ein innhaldsrik dag i det “blaute” element. Kajakker med padleutstyr er inkludert i egenandelen. Kurset kvalifiserer til våttkort. (Utstyr: Vanntett sekk eller pose, ull- eller superundertøy til å ha under våtdrakt) | Kr 300 |
2. Klatring i Moldeveggen | Molde har fått eit topp moderne klatresenter med panoramautsikt til Romsdalsalpane, godt inneklima, god belysning, endelause buldrevegger, eigen kafé, sosiale soner og en diger klatrevegg for led og topptauklatring! Har du lyst til å utfordre høgdeskrekken din eller teste kor sterk du er? Då kan dette være aktiviteten for deg. (Utstyr: Treningstøy som er gode å bevege seg i) | Kr 200 |
3. Skyting | Kleive skyttarlag tek i mot deltakarar som får prøve seg som skyttarar med 22,5 kaliber på innandørs skytebane. | kr 0 |
4. Førstehjelp | Nesset folkehjelp varter opp med førstehjelpskurs. Her kan du lære livreddande tiltak som mellom anna hjarte-lunge redning, stopping av bløding og opptreden på skadestad. (Utstyr: Gode sko og klede. Viktig at ein har klær som tåler vær då kurset truleg vert ute. Tenk vindtett, vanntett og varmt) | kr 0 |
5. Volleyball | Aktiviteten for deg som ønskjer å verte betre med ball. Aktiviteten vert gjennomført i Keivehallen. Her vert det drilla på diverse teknikkar og øvelsar. Sjølvsagt vert det også mykje spel. (Utstyr: Treningsklede, hallsko, drikkeflaske) | kr 0 |
6. Fjelltur | Er du glad i fjelltur og friluftsliv? På denne aktiviteten får du moglegheita til å bestige sjølvaste Skåla! Skåla var fram til kommune samanslåinga det høgste fjellet i Molde med sine 1 128 m.o.h. Dette er ein krevjande tur som tek 5-6 timar! (Vindtett og vanntette klær. Gode sko – gjerne fjellsko, tursekk, solbriller, drikkeflaske) | kr 0 |
7. Handarbeid | Det lokale husflidslaget legg til rette for utprøving av eit utval handarbeidstradisjonar. Om du er god med hendene eller ønskjer å læra tradisjonsrike teknikkar er dette aktiviteten for deg. | kr 0 |
8. Friluftsliv og vikingliv | Er du glad i friluftsliv? Då er dette aktiviteten for deg! Klurtolla 4H si Gamme vert nytta som base for aktiviteten. Her vert det lagt til rette for mykje aktivitetar både i og rundt gamma. Nokon av aktivitetane har røter attende til vikingtida. (Utstyr: Vindtett og vanntette klede. Gode sko. Dagstursekk) | kr 0 |
Stad
Vi skal nytte Kleive oppvekstsenter som base for helga.
Vegbeskrivelse: Følg skilting mot Kleivehallen frå Fylkesveg 62.
Kollektivtransport:
Frå Molde: Buss rute nr 902 mot Sunndalsøra eller nr 714 mot Hjelset-Kleive.
Frå Sunndal/Eidsvåg: 902 mot Molde-Ålesund eller 714 mot Molde.
Busshaldeplass for avstigning er Kleive.
Om det vert nytta kollektivtransport kan henting ved busshaldeplassen på Kleive ordnast. Dette må avtalast av kvar enkelt deltakar ved behov.
Program
1800 | Frammøte og innkvartering |
---|---|
1900 | Offisiell opning av storkurset |
1900-2030 | Middag |
2030-2130 | Bli kjent – I Kleivehallen |
2130-2200 | Vaksenleiarsamling |
2130-2300 | Kleivehallen open for volleyball / leik og moro utan eit organisert opplegg |
2400 | Ro |
0800 | Felles vekking |
---|---|
0830-0930 | Frukost |
1000-1230 | Kurs |
1230-1330 | Lunsj (hugs niste) |
1330-1600 | Kurs |
1700-1800 | Middag |
1800-1900 | Fri |
1900 | Ein tur ut, med innlagt "dessert-grilling" |
2100 | Kveldsmat |
2200-2400 | Kleivehallen er open |
0100 | Ro |
0800 | Felles vekking |
---|---|
0830-0930 | Frukost |
0930-1000 | Rydding og pakking |
1000-1200 | Kleivespranget (natursti/rebus) |
1230-1330 | Lunsj og heim |
Mat:
Deltakarane får all mat inkludert i deltakaravgifta. Dette innbefatter middag fredag og laurdag, frukost laurdag og søndag og lunsj søndag. Lunsj laurdag under aktivitetane vert matpakke som smørjast under frukost laurdag.
Praktisk informasjon og påmelding
Aldersgrensa for arrangementet er 12 år og eldre (født i 2011 eller før).
Rettleiing for innlogging i medlemsregistret
Du skal berre velje ein aktivitet. Dersom det er aktiviteter du ikkje finn i påmeldingsskjemaet, betyr det at denne er fullbooka allereie. Alle medlemmar betalar ved påmelding. Dersom dette er vanskeleg for deg - ta kontakt med 4H kontoret.
Påmeldinga opnar måndag 7. august
Pris:
Deltakaravgift (medlem/ alumn): kr. 900
Vaksenleiar: kr. 500
Ei lita presisering: påmeldinga til storkurset er personleg og bindande. Om nokon vel å melde seg av etter at påmeldingsfristen er gått ut – blir ikkje leiravgifta refundert. Er det pga sjukdom må vedkommande ta kontakt med 4H-kontoret og vise legeerklæring. Dette fordi vi etter påmeldingsfristen bekreftar aktivitetar og bestiller mat.
Behov for tilrettelegging?
Spesielle behov og allergiar skal meldast frå om ved påmelding under helseopplysningar. Er det behov for særskild tilrettelegging bør dette meldast frå om til 4H-kontoret per e-post før påmeldingsfristen.
Vaksenleiarar:
Alle deltakarar skal ha med seg vaksenleiar. Det stillast krav om at klubbane stiller med ein vaksen per 10 deltakarar. Her er det ok å samarbeide på tvers av klubbar. Medlem med vaksenleiar frå andre klubbar meldast inn ved påmelding (bruk fritekstfeltet).
Vaksne meldar seg også på gjennom same arrangementet på nettsida, men kryssar av for vaksenleiar. Deltakaravgifta til vaksenleiarane vert gjerne dekt av klubb. Om dette er tilfellet må feltet for annan betalar fyllast ut.
Dei vaksne skal ikkje delta på aktivitet, dette for å ikkje ta opp plassane til medlemmane. I påmeldingsskjemaet krysser vaksenleiarane derfor av på 9. ingen aktivitet (for vaksenleiarar og arrangørar). Vi vil plassere vaksne på aktivitetar etter behov for transport av medlem – har du spesielle ynske kan du føre det på i fritekstfeltet ved påmelding. Vaksenleiarar må påberekne å bidra med oppgåver som matservering og liknande.
Reglar for arrangement (PDF, 261KB)
Ikkje medlemsnummer?
Skal du melde deg på som vaksenleiar eller arrangør, men har ikkje medlemsnummer? Ta kontakt med 4H-kontoret, så oppretter vi eit medlemsnummer til deg.
Deltakarstøtte
Vi ynskjer at alle skal kunne delta på arrangementa våre. Vi minner om at det er mogleg å søke 4H om deltakerstøtte.
Spørsmål?
Har du spørsmål til arrangementet, er det berre å ta kontakt.
Beredskapsansvarleg og arrangementsleiar: Hans Ole Hatle
4H-kontoret: Isabell Cathrin Hagen
Hovudleiar frå arrangørklubb: June Beøy Fostervold, tlf 48254613